Alex Campbell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alex Campbell
Fødd27. april 1925
FødestadGlasgow
Død3. januar 1987 (61 år)
DødsstadDanmark
OpphavStorbritannia, Det sameinte kongeriket Storbritannia og Irland
Sjangerfolkemusikk
Instrumentvokal
PlateselskapTransatlantic Records
Verka somsongar

Alex Campbell (27. april 19253. januar 1987) var ein skotsk visesongar. Han gjorde seg sterkt gjeldande under oppblomstringa av britisk folkemusikk på 1950- og 1960-talet, og turnerte flittig både Storbritannia og Europa.

Alex Campbell gjekk også under klengjenamnet «Big Daddy», for han var ein stor, røslig kar, med krøllete raudt hår og skjegg, og ei røff stemme.

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Alex Campbell si slekt kom frå Hebridane, noko ein finn spor av i repertoaret hans. Etter at begge foreldra og dei to systrene hans døydde av tuberkulose i løpet av eitt år, blei vesle Alex, som den einaste attlevande av familien, plassert på eit vaisenhus fram til bestemora valde å ta han til seg. Under andre verdskrigen møtte han amerikanske, polske og australske soldatar som var stasjonerte i Glasgow, og fatta interesse for visesong, både den skotske og den framande, som han høyrde gjennom songane soldatane framførte frå heimlanda sine.

Han vart immatrikulert for å ta eit semesteremne ved Sorbonne, men pengane strakk ikkje til. I staden tok han med seg gitaren, ein kvit stokk og solbriller og freista tilværet som «blind» gatesongar i Paris. Repertoaret var ikkje stort, men han kunne nokon songar av Leadbelly og nokre skotske folkeviser.[1]

Han møtte den amerikanske visesongaren Derroll Adams, som gav han jobb som kaféartist. Campbell heldt likevel fram med å famla rundt i gatene med stokk og gitar, ettersom dette gav han betre inntekt. På 1950-talet kom han tilbake til England, og fekk opptre på Alexis Körner sin Blues and Barrelhouse Club, og på dei talrike arenaene som dukka opp med den stadig stigande interessa for skiffle, visesong og folkemusikk.

Tilhøve til Ewan McColl og Peggy Seeger[endre | endre wikiteksten]

I London møtte Alex Campbell Ewan MacColl, ein innverknadsrik folkesongar som var fødd i England av skotske foreldre. Dei to rauk uklar fordi McColl, som folkemusikalsk purist, meinte ein berre burde syngja songar frå sin eigen regionale bakgrunn, medan Campbell meinte ein burde stå heilt fritt til å syngja engelske såvel som skotske folkeviser, eller for den saks skuld amerikanske arbeidarsongar. Begge vann tilhengjarar for sitt syn. Ein samtidig artikkel i The Observer kalla dei stridande partane «the McCollites» og «the Campbellites».[2]

McColl, som var gift med Jean Newlove, hadde innleidd eit forhold til den amerikanske folkesongaren Peggy Seeger. Då opphaldsløyvet hennar gjekk ut i 1958, inngjekk Alex Campbell eit subrogasjonsekteskap med henne for at ho skulle få bli i England. Dei gifta seg i Paris den 24. januar 1959, men forholdet deir heldt fram med å vere platonsk.[3] Seeger har skildra bryllaupsseremonien som «komisk», for på den tida var ho allereie gravid i sjuande månad med Ewan McColl, og presten instruerte Alex Campbell om alvoret i dei livslange forpliktingane han hadde gitt seg inn på etter å ha sett barn på «den stakkars jenta». Dagen etter vende Peggy Seeger til London for å bu i lag med McColl, medan Campbell flytta saman med si Patsy og fekk to søner.[4]

Les Cousins, Skagen og St. Hanshaugen[endre | endre wikiteksten]

I 1961 opptredde Alex Campbell på fleire viseklubbar i London, mellom anna i Les Cousins. Han turnerte i Tyskland fleire gonger, men også ei rekkje andre europeiske land. I fleire år var han busett i Danmark, fyrst på Skagen og seinare på Tønder.

Våren 1971 spelte Alex Campbell på St. Hanshaugen i Oslo, saman med fleire av visesongarane frå miljøet rundt Viseklubben Dolphins og arvtakaren Bikuben Viseklubb, mellom anna Lars Klevstrand, Hege Tunaal, Peter Skodbo, To + To og Finn Kalvik. Veslebjørn Nilsen, som hadde brekt armen og derfor ikkje kunne spela, var konferansier. Ved same høve laga også NRK eit radioprogram med Alex Campbell, der han framførte 4-5 viser til eige gitarakkompagnement. Studioopptaka med Alex Campbell blei kringkasta laurdag 31. juli 1971 i programposten «Til underhaldning og dans».[5]

Alex Campbell var sterkt utagerande, han levde og arbeidde hardt, reiste mykje, drakk mykje, og var alltid eit populært innslag på konsertar.[6] Som sceneartist var han nærast karismatisk. Han trollband publikum med song, forteljingar og små anekdotar.[7] Frå tid til anna blei likevel konsertane hans øydelagde av overdrive fyll og drikking.[8] Tidleg på 1980-talet fekk Campbell strupekreft og kunne knapt snakka, men det var tuberkulosen han døydde av.

Platekarriere[endre | endre wikiteksten]

Alex Campbell skal ha spelt inn meir enn 100 plater, men oppnådde aldri nokon kommersiell suksess som plateartist. Han heldt prinsippfast på direkte innspelingar. Som ein meister for konsertar heldt han fast på kunsten ved augneblinken, og avslo å korrigera eller perfeksjonera uttrykket gjennom å gjera fleire opptak.

På dei fyrste platene sine song Campbell mange amerikanske songar, men kom seinare til å dreia repertoaret meir i retning av skotske folkeviser, som han framførte på dialekt malmfull røyst til eige gitarakkompagnement på «my old Gibson guitar», som ein av visene hans heitte. Campell fann også stor glede i å framføra viser av Woody Guthrie, Bob Dylan og Tom Paxton med skotsk lynne og aksent.

Albumet Alex Campbell and Friends frå 1967 inneheld 3 songar saman med Sandy Denny. Dette er dei tidlegaste opptaka med henne som blei sleppte på plate. På fleire av dei tidlege plateinnspelingane til Campbell deltek også gitaristen Martin Carthy, kjend frå Steeleye Span og det årelange samarbeidet sitt med Dave Swarbrick.

CD-en Been on the Road so Long. The Alex Campbell Anthology (CMRCD 1168) gjev smakebitar frå store delar av karrieren til Alex Campbell, men speglar ikkje heile det enorme repertoaret hans. Allan Taylor gav ut ein dobbel-CD som hyllest til visesongaren, The Alex Campbell Tribute, der mellom anna Lillebjørn Nilsen deltek.

LP-utgjevingar i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Chansons Populaires des Etats-Uni (1958)
  • The Best Loved Songs of Bonnie Scotland (1963)
  • Way Out West (1963)
  • An Alex Campbell Folk Session (1964)
  • Alex Campbell (1964)
  • Alex Campbell, Colin Wilkie and Shirley Hart Sing Folk (1965)
  • Alex Campbell in Copenhagen (1965)
  • Alex Campbell at the Tivoli Gardens (1967)
  • Alex Campbell and Friends (1967)
  • Alex Campbell 'Live' (1968)
  • The Scottish Breakaway (1968)
  • Alex Campbell Sampler (1969)
  • This is Alex Campbell, Vol. 1 (1971)
  • This is Alex Campbell, Vol. 2 (1971)
  • Alex Campbell At His Best (1972)
  • Life is just that Way (1972)
  • Goodbye Booze (1975)
  • Big Daddy of Folk Music (1976)
  • No Regrets (1976)
  • Traditional Ballads of Scotland (1977)
  • Det er Godt at se Dig (1979)
  • Live and Studio (1979)
  • Live In Belgium (1981)
  • Alex Campbell – With the Greatest Respect (1987)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Ewan McVicar som skriver for The Living Tradition». Arkivert frå originalen 29. desember 2007. Henta 8. desember 2007. 
  2. Harper s. 100
  3. «Platonic». Arkivert frå originalen 29. desember 2007. Henta 8. desember 2007. 
  4. Harper. p.96
  5. Rogalands Avis nr. 173. Lørdag 31. juli 1971, side 10. .
  6. «Allan Taylor». Arkivert frå originalen 29. desember 2007. Henta 8. desember 2007. 
  7. Harper pp.97-98
  8. Heavy Drinker Arkivert 29. september 2007 på Wayback Machine.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • John Langstaff: Skin & Bones and other Folk-songs for Group Singing. Oxford University Press. London 1969.