Viseklubben Dolphins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dolphins viseklubb vart starta på initiativ av Ole Hauki 12. mars 1966.[1] Han kom frå USA og tok med seg ideen derfrå. Den første samlingsstaden var i Frisksportrestauranten i Grensen 18 i Oslo. Her var det plass til omtrent 70 personar og visekveldane var på laurdagar. Klubben vart så populær at det snart vart arrangement òg på onsdagar. I 1968 flytta klubben til Frimurerlosjen sine lokale der det var plass til 300. Aktiviteten ebba ut i 1970.

Dolphins vart starten på den norske visebølgja. Han vart altså ikkje starta i lugubre kjellarlokale med rødvin og stearinlys, men på ein råkostrestaurant med gulrotsaft.

Dei første som opptredde i Dolphins var gruppa The Sing Singers med Ole Hauki, Bjørn Tonhaugen, Karin Hvidsten og Ole Paus.[2] Andre aktive var Lillebjørn Nilsen, Kari Svendsen, Bjørn Morisse, Øystein Sunde, Lars Klevstrand, Hege Tunaal, Finn Kalvik, Jon Arne Corell, Steinar Ofsdal og grupper som Kinsfolk, Gruppe 4, Christiania Fusel & Blaagress og The Young Norwegians.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Aftenposten 12. mars 1966.
  2. Aftenposten 12. mars 1966.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]