Lars Klevstrand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Lars Klevstrand
Lars Klevstrand Cosmopolite (001516).jpg
Lars Klevstrand i 2016
Foto: Tore Sætre
Fødd 30. september 1949
Drammen
Yrke songar, komponist
Lars Klevstrand på Commons

Lars Klevstrand (fødd 30. september 1949 i Drammen) er ein norsk visesongar og komponist. Klevstrand er utdanna ved Noregs musikkhøgskule, og har vore ein viktig profil i norsk visemiljø sidan 1960-talet. Saman med Hege Tunaal og Ålesund Kammerensemble mottok han Spellemannprisen 1983 i klassa visesong for dobbelalbumet Hartvig Kirans viser – Historia om Ola Skutvik & Mariann. I 1987 fekk han Gammleng-prisen i klassa visa og i 1991 fekk han Prøysenprisen. Han har òg arbeidd mykje med kabaret og revy. Klevstrand har vore medlem av gruppene Ballade! og Gatesangerne.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1968: Vi skal ikkje sova
  • 1969: Dobbeltportrett – med Hege Tunaal
  • 1972: Til dere
  • 1973: På stengrunn – med Lillebjørn Nilsen, Steinar Ofsdal, Kari Svendsen, Jon Arne Corell med fleire
  • 1974: Twostep og blå ballader
  • 1975: Live (2lp)
  • 1976: Riv ned gjerdene – med Guttorm Guttormsen
  • 1977: Ballade! På turné – med Ballade!
  • 1978: Høysang – med Guttorm Guttormsen kvintett
  • 1979: To i spann – med Steinar Ofsdal
  • 1981: Frie hender
  • 1982: Canto General - med Arja Saijonmaa
  • 1983: Visions
  • 1983: Ola Skutvik og Mariann
  • 1985: Glassberget
  • 1987: Her
  • 1989: I fløyterens hjerte
  • 1991: Så lenge hjärtat kan slå
  • 1995: Å, dette hjartet
  • 1996: Sang for vinden
  • 2001: Vinternatt
  • 2001: Himlajord
  • 2004: Nomadesongar
  • 2006: Sundslegen, herja og naken

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]