St. Hanshaugen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°55′36.275″N 10°44′27.377″E

Tårnhuset på toppen av sjølve haugen St. Hanshaugen er eit landemerke som kan sjåast frå mange stader i Oslo
Foto: Gisle Hannemyr
Waldemar Thranes gate er ei sterk trafikkert gate gjennom stroket St. Hanshaugen

St. Hanshaugen er eit strok i den administrative bydelen St. Hanshaugen i Oslo. Stroket og bydelen har namn etter haugen og parken St. Hanshaugen. Stroket St. Hanshaugen femnar om parken og områda ikring parken på aust-, sør- og sørvest-sidene, og er i hovudsak tettbygd med bustadblokker, dei fleste frå 1880-1890-åra, i lange og tette rader langsetter gatene.

Restaurant Schrøder, ein «brun kafé» på St. Hanshaugen
Foto: Helge Høifødt

Til liks med mange strok i Oslo, er grensene mot grannestroka ofte uklare. Det er vanleg at områda langs Geitmyrsveien på strekninga langsetter parken og ned til Bjerregaards gate vert rekna til stroket, og elles vert grensene gjerne trekt etter gatene Bergstien- Ullevålsveien, Stensberggata-Sofies gate-Colletts gate-Ullevålsveien. Men då sjølve haugen St. Hanshaugen med sitt tårn på toppen markerer seg så tydeleg i bybiletet at mange veit kor det er, seier mange at dei bur på St. Hanshaugen jamvel om dei etter gamalt syn på saka bur i eit grannestrok.

I området kring krysset mellom Ullevålsveien og Waldemar Thranes gate ligg det butikkar, kafear og serveringsstader, mellom andre Restaurant Schrøder, som er kjend frå romanar av Jo Nesbø og Bjørg Vik.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]