Alexander Kielland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For plattformulukka, sjå «Alexander L. Kielland»-ulukka.
Alexander Kielland

Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. februar 1849
Stavanger kommune
Død

6. april 1906 (57 år)
Bergen

Yrke forfattar
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Far Jens Zetlitz Kielland
Born Beate Kielland, Jens Zetlitz Kielland
Alexander Kielland på Commons
Statue av Alexander Kielland på torget i Stavanger

Alexander Lange Kielland (18. februar 18496. april 1906), vart fødd og voks opp i Stavanger og døydde i Bergen. Kielland var ein av dei mest kjende forfattarane i Noreg1800-talet. Saman med Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson og Jonas Lie vert han rekna som ein av «dei fire store» i norsk litteratur.

Han høyrde til ei av dei eldste handelsslektene i Stavanger, slekta Kielland. I oppveksten var han del av ein av dei mest velståande heimane i byen. Som gut gjekk han på Stavanger Katedralskole. Han likte seg dårleg på skulen, trass i at han var skuleflink. Han utdanna seg til jurist, og kjøpte eit teglverkMadla ved Stavanger som han dreiv til 1881. I denne tida fekk han god kjennskap til praktisk forretningsliv. I tillegg fekk han eit innblikk i arbeidarane sine vanskelege levekår.

Kielland debuterte i 1879 med Novelletter, ei samling av korte noveller. Året etter skreiv han sin fyrste roman, Garman & Worse. Han skreiv i ein realistisk, samfunnskritisk stil, og kritiserte autoritetar i samfunnet. I Skipper Worse (1882) gjekk han til åtak på religiøs fanatisme, og i Gift (1883) kritiserte han skuleverket og kyrkja. I tillegg kom han inn på tema som embetsstand, ekteskap og klasseskilje.

Frå 1893 til 1902 var Kielland borgermeister i Stavanger. Kielland fekk i september 1902 embetet som amtmann i Romsdals amt, med hovudsete i Molde. Mellom anna skreiv han fleire rapportar etter bybrannen i Ålesund i 1904. Han sat i embetet til han døydde i 1906.

Målarinna Kitty Kielland var systera til Alexander Kielland. Forfattaren og journalisten Axel Kielland var barnebarnet hans.

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Paa Hjemveien (drama) 1878
  • Novelletter (kortprosa) 1879
  • Garman & Worse (roman) 1880
  • Nye Novelletter (kortprosa) 1880
  • For Scenen. Tre Smaastykker (drama) 1880
  • Arbeidsfolk (roman) 1881
  • Else (roman) 1881
  • Skipper Worse (roman) 1882
  • To Novelletter fra Danmark (kortprosa) 1882
  • Gift (roman) 1883
  • Fortuna (roman) 1884
  • Sne (roman) 1886
  • Tre Par (drama) 1886
  • Sankt Hans Fest (roman) 1887
  • Bettys Formynder (drama) 1887
  • Professoren (drama) 1888
  • Forsvarssagen (essaysamling) 1890
  • Jacob (roman) 1891
  • Mennesker og Dyr (essaysamling) 1891
  • Omkring Napoleon (essaysamling) 1905

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Obrestad, Tor: Sannhetens pris : Alexander Kielland : en beretning, Oslo 1996. ISBN 82-02-13013-1

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Alexander Kielland
Wikisource Alexander KiellandWikikilden (frie originaltekstar)