Alf Kaartvedt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alf Kaartvedt
Fødd2. mars 1921
Død24. august 2013
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, historikar
InstitusjonarUniversitetet i Bergen
BarnStein Kaartvedt
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Alf Kaartvedt (2. mars 192124. august 2013)[1] var ein norsk historikar. Han var spesialist i norsk politisk historie frå siste halvdel av 1800-talet og fram til første verdskrigen.

Studietida hans vart avbroten då den tyske okkupasjonsmakta stengde Universitetet i Oslo, men han tok dei opp att etter 1945. Ved universitet var det professor Sverre Steen som tente som den største inspirasjonskjelda og viktigaste rettleiaren for Kaartvedt. Studiane vart etterfulgt av nokre år der han var oppdragshistorikar. Etter å ha teke den filosofiske doktorgraden på ei avhandling om kampen mot parlamentarismen i Noreg i tida før 1884, vart Kaartvedt i 1957 den første professoren i historie ved Universitetet i Bergen, saman med Knut Mykland. Han var deretter sentral i oppbygginga av Historisk institutt.

Allereie tidleg i professorkarrieren markerte han seg som ein av Noregs fremste historikarar.

Kaartvedt gjekk av med pensjon i 1988, men vart verande ein travel professor emeritus fram til 1995, då han etter bidraga til bind 1 av Norsk utenrikspolitikks historie avslutta den aktive historikarkarriera si. Seinare publiserte han berre nokre mindre artiklar

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Til minne om Alf Kaartvedt». UiB. 27. august 2013. Henta 2. september 2013. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]