Hopp til innhald

Alf Sommerfelt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alf Sommerfelt

StatsborgarskapNoreg
Fødd23. november 1892
Trondheim
Død

12. oktober 1965 (72 år)

Yrkelingvist
Språknorsk, engelsk, fransk
Medlem avAcadémie des inscriptions et belles-lettres[*]
FarAxel Sommerfelt
EktefelleAimée Sommerfelt

Alf Axelssøn Sommerfelt (23. november 189212. oktober 1965) var ein norsk språkforskar, den første professoren i allmenn lingvistikk i Noreg, ved Universitetet i Oslo frå 1931 til 1962.[1]

Sommerfelt vart fødd og voks opp i Trondheim. Han var sentral i å innføre strukturalismen til Noreg. Han hadde studert i Paris, og heldt forelesingar over Saussure, glossematikk, pragskolen og amerikansk strukturalisme. Nordistane ved dei nordiske institutta hadde lite til overs for denne innfallsvinkelen, og det var lite kontakt mellom strukturalistane og nordistane til innpå 1960-talet.

Sommerfelt var varameldem i styret til Institutt for sammenlignende kulturforskning, den sentrale satsinga på forsking i Noreg på 1920-taletI lag med slavisten Olaf Broch grunnla Sommerfelt Norsk forening for sprogvidenskap i 1924, denne foreininga kom i eit par år framover til å spele ei viktig rolle for å introdusere nye lingvistiske teoriar til Noreg.

Sommerfelt skreiv fleire populære innføringsverk i språkvitskap. Han skreiv også innføringsboka i allmenn språkvitskap (1947), ei lærebok som vart lesen av alle språkstudentane på universitetet, og trykt opp att ti år seinare. Sommerfelt var også ein av redaktørane attom Norsk Riksmålsordbok.

Sommerfelt var gift med forfattaren Aimée Sommerfelt.[1]

Bibliografi (utval)

[endre | endre wikiteksten]
  • 1921: Le Breton parle a Saint-Pol-de-Leon : Phonetique et morphologie
  • 1922: The dialect of Torr Co. Donegal. Videnskapsselskapets skrifter II. Hist.-filos. kl. 1-2
  • Hvordan sproget blir til : en oversikt over sprogets rolle i samfundene Oslo : Cappelens forlag.
  • 1947: Almen språkvitenskap : (det propedeutiske kursus).