Alfred Løvvik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alfred Løvvik
Fødd 22. desember 1896
Død

12. mai 1979 (82 år)

Alfred Hartvig Løvvik (22. desember 189612. mai 1979) var ein norsk bankmann og målmann frå Høle i Rogaland.

Løvvik var son til ein handelsmann. Etter å ha utdanna seg på fylkesskule og handelsskule, fekk han i 1925 stilling på hovudkontoret til Stavanger og Rogalands Bank. Frå 1929 var han sjef på den same banken si avdeling i Flekkefjord.

Løvvik var formann i BUL Stavanger 1926-29. I Flekkefjord var han aktiv for Noregs Ungdomslag og Noregs Mållag, særleg kva gjaldt forretningsmessige og organisatoriske saker. Formann i Flekkefjord skulestyre frå 1951.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]