Høle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Høle
tettstad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Rogaland
Kommune Sandnes
Areal 0,61 km²
Folketal 427 (2015)
Folketettleik 700 / km²
Postnummer 4308 SANDNES

Høle er ein tettstad, eit kyrkjesokn og ein bydel i Sandnes kommune i Rogaland fylke. Det var tidlegare òg ein kommune. Historisk har Høle vore ein del av Ryfylke, men er etter innleminga i Sandnes oftast vorte rekna til Jæren.

Høle tettstad[endre | endre wikiteksten]

Tetttaden har 427 innbyggjarar per 1. januar 2015 og ligg på vestsida av Høgsfjorden, 24 km austom Sandnes sentrum. Her ligg Høle kyrkje frå 1860. Aust for Høle ligg ferjestaden Lauvvik.

Høle sokn[endre | endre wikiteksten]

Høle sokn utgjer i dag den austlegaste delen av Sandnes kommune (krinsane Høle, Tengesdal, Ims og Bratthetland) med 1032 innbyggjarar (2013). I eldre tider var det derimot monaleg større. Det femna òg om noverande Forsand kommune og austre delen av Gjesdal kommune (Oltesvik og Dirdal.) I 1852 vart Forsand sokn utskilt, som den gong óg omfatta Dirdal. Ved kommunesamanslåinga 1965 vart Oltesvik krins overført frå Høle til Gjesdal sokn. I seinare tid er Seldal krins vorte overflytta til Høyland sokn.

Høle kommune[endre | endre wikiteksten]

Høle og Forsand høyrde til opphavleg til Strand kommune, men vart i 1965 utskilde som Høgsfjord kommune. 1871 vart den delt i to: Høle kommune og Forsand kommune.[1] Høle kommune vart i 1965 nedlagd og føydd til Sandnes, med unnatak for Oltesvik krins som vart lagd til Gjesdal.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]