Hopp til innhald

Alison Kinnaird

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alison Kinnaird

Fødd30. april 1949 (75 år)
OpphavStorbritannia
Aktiv1971–
Sjangerfolkemusikk
PlateselskapTemple Records
Verka sommusikkjournalist, glasskunstner
Gift medRobin Morton
Prisarmedlem av Den britiske imperieordenen

Alison Kinnaird MBE, MA, FGE[1] (fødd 30. april 1949) [2] er ein glaskunstnar, keltisk musikar, lærar og skribent fødd i Edinburgh i Skottland.[3] Ho er ein av dei fremste og mest originale moderne glasgravørane i Skottland.[4][5][6][7][8][9][10][11]

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Kinnaird tok ein MA i keltiske studiar og arkeologi ved University of Edinburgh.[12] Ho lærte også kopparhjulgravering hjå Harold Gordon i Forres,[13][14] etter å ha møtt han då ho var på ferie der.[15]

Kinnaird nyttar bly- og optisk krystall. Ho har nytta teknikkar som kopparhjulgravering, skjering, sandblåsing, etsing og støyping. Ho byrja i eit studio i High Street i Edinburgh, og verket hennar blei tidleg kjent og blei med i ei utveksling mellom Edinburgh Festival Fringe og Salzburg Fringe.[16] Seinare, fordi ho meinte at den vesle storleiken til verk laga i tradisjonelle glasgraveringsteknikkar avgrensar publikummet som kan setja pris på verk, utvida ho skalaen til verka sine ved å bruke flexible drive-drill og sandblåsing, kombinert med nyskapande bruk av fargeskiftande dikroisk glas.

Kinnaird er òg musikar, og det førte til at ho oppdaga samband mellom musikk og glasgravering, særleg gjennom design basert på lissajousfigurar.[17][18] [19] Ho byrja å spela harpe då ho var 14, og er blitt rekna som grunnleggjar for den skotske harperenessansen og den keltiske harpe-renessansen.[20] Ho speler, underviser og forelesar om den vesle skotske harpa, som òg er kjend som clàrsach.[21] Ho var ein av dei fyrste som skreiv kontrakt med Temple Records på 1970-talet, og har gjeve ut åtte album på selskapet.[22] Ho arbeidde med den skotske musikkgruppa Battlefield Band på albuma Music in Trust Vol I (1987) og Music in Trust Volume II (1988).

Kinnaird har skrive fleire bøker om tradisjonsmusikk og den vesle skotske harpa. Ho gav ut den fyrste boka si om dette i 1990, med ei samling av 24 harpemelodiar som ho hadde arrangert. Tree of Strings (1992), skrive i samarbeid med Keith Sanger, dokumenterer historia om harpa i Skotland, og er den fyrste boka av sitt slag. The Lothian Collection (1995) har 25 harpemelodiar frå herskapshusa og dei velståande familiane frå East, West og Midlothian, alle arrangerte av Kinnaird. The Small Harp Tutor (1996) er ei bok om å læra å spela på lita harpe, og dekker historia til instrumentet, vedlikehald av instrumentet, arrangering av melodiar og nyttig fingerøvingar. Til boka høyrer det ein CD som leier eleven frå nybyrjar til ein dyktigare utøvar. The North East Collection[23] har melodiar frå 1700- og 1800-talet arrangert av Kinnaird.

I 1997 blei Kinnaird tildelt ein MBE for sine bidrag og langvarige teneste til kunst og musikk.[24] Ho er er anerkjent for bidraget sitt til skotsk folkemusikk, og blei innført i Scots Trad Music Awards - Hall of Fame i 2010.[25]

Privatliv[endre | endre wikiteksten]

Alison Kinnaird var gift med musikaren, produsenten og forfattaren Robin Morton til han døydde.[26] Ho har to born, Ellen og John.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Triptyk
  • 2010: MG Alba Scots Traditional Music Awards, Hall of Fame
  • 2004: Glass Sellers Award
  • 2002: Creative Scotland Award
  • 2001: Adrian Sassoon Award
  • 1998: CC Chelsea First Exhibitors Award
  • 1998: Inches Carr Crafts Bursary
  • 1997: MBE for services to art and music
  • 1987: Glass-Sellers Award
  • 1980: SDA/CCC Crafts Fellowship
Annunciation Doors, St. Mary's Church Kenardington

Samlingar i utval[endre | endre wikiteksten]

Praise Window, domkyrkja i Dornoch
  • 2016 Eve, Uměleckoprůmyslové muzeum v Praze i Praha
  • 2012 Standing Feathers, Aberdeen Art Gallery
  • 2010 Adam and Eve, Shipley Art Gallery i Gateshead
  • 2008 Maze, National Museum of Scotland
  • 2005 Psalmsong, Scottish Parliament, Edinburgh[27]
  • 2005 Streetwise I, Tutsek Foundation, Munchen[28]
  • 2005 Streetwise II, Dundee Museum & Art Gallery
  • 2003 Portrait of Roy Dennis, Scottish National Portrait Gallery, Edinburgh
  • 2001 Evolve, Broadfield House Glass Museum
  • 2001 White Lies, Crafts Council Collection
  • 1995 Triptych, Victoria and Albert Museum, London
  • 1989 Man into Seal, Corning Museum of Glass, New York City, USA
  • 1988 Ring of Crystal, Ring of Stone, Leicester Museum and Art Gallery, Leicester
  • 1987 Disc – Leap, Ulster Museum, Belfast
  • 1986 Doors on the Past, National Museum of Scotland
  • 1986 Disc – She is Summer, Kelvingrove Museum and Art Gallery, Glasgow
  • 1980 Doors – engraved block, Scottish Development Agency – Scottish Crafts Collection, Edinburgh

Tingingar i utval[endre | endre wikiteksten]

The Donor Window, Scottish National Portrait Gallery, Edinburgh
  • 2017 Nativity Window, St Mary’s Church, Kenardington,[29] Kent
  • 2016 Window, St Cross College, Oxford
  • 2015 Quaking Aspen Panels, Beverley Hills, California
  • 2014 Windows, Dornoch Cathedral[30]
  • 2012 Donor Window, Scottish National Portrait Gallery[31]
  • 2009 Self Portrait, Fitzwilliam Museum, Cambridge
  • 2007 Interface-Panels for Murano Hotel, Tacoma i USA[32]
  • 2006 Butterfly Panels, Marchmont St Giles Church, Edinburgh[33]
  • 2004 Praise Window, Dornoch Cathedral
  • 2003 Portrait of Roy Dennis, National Portrait Gallery of Scotland[30]
  • 2000 Millennium Commission, Broadfield House Glass Museum
  • 1993 British Film Institute Awards
  • 1992 Door panels, bestilt av Lord Bute of Mount Stuart
  • 1991 Alumnus of the Year Award, bestilt av Edinburgh University
  • 1990 Gift for His Imperial Highness, the Crown Prince of Japan, bestilt av Royal Bank of Scotland
  • 1989 Screen of 10 panels, bestilt av Lord Bute of Mount Stuart
  • 1986 Gift for HM the Queen Mother, bestilt av Royal College of Physicians
  • 1983 Duke of Edinburgh Design Award, bestilt av Alan Doe frå Westland Helicopters
  • 1980 Wedding bowl for HRH the Prince of Wales, bestilt av avisa The Scotsman
  • 1979 The Wealth of Nations til The London Institute of Banking & Finance i England, bestilt av Institute of Bankers in Scotland

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fellow, Guild of Glass Engravers» (på engelsk). Henta 24. mai 2020. 
  2. Colin Larkin, red. (1992). The Guinness Encyclopedia of Popular Music (First utg.). Guinness Publishing. s. 1382. ISBN 0-85112-939-0. 
  3. «Alison Kinnaird» (på engelsk). Henta 28. februar 2020. 
  4. «Information and History - Scotland's Glass - Alison Kinnaird». Henta 4. mars 2020. 
  5. Robert B. McNeill, A portrait in light and music Scots Magazine, March 2005, 338-342
  6. «Temple artist shows her glass by opening her home for Fringe». Midlothian Advertiser (på engelsk). Henta 28. februar 2020. 
  7. «Alison Kinnaird discusses her explorations of the timeless by pairing traditional techniques with contemporary themes». Urban Glass (på engelsk). Henta 28. februar 2020. 
  8. «Duncan Macmillan reviews five shows from across Scotland». The Scotsman (på engelsk). Henta 28. februar 2020. 
  9. Alison Kinnaird - Art in Glass. 
  10. «Craft Scotland - Alison Kinnaird». Henta 4. mars 2020. 
  11. «Pittenweem Arts Festival - Alison Kinnaird». Henta 4. mars 2020. 
  12. «The art school reject who became one of the world's top glass artists». BBC News. 15. januar 2023. Henta 16 January 2023. 
  13. «Harold Gordon at work». Henta 5. mars 2020. 
  14. «Alison Kinnaird». National GallerieS. Henta 19. september 2019. 
  15. «The art school reject who became one of the world's top glass artists». BBC News. 15. januar 2023. Henta 16. januar 2023. 
  16. Mary Gladstone, Of Clocks, Birds and Apple Cores, Scotland’s Crafts Guide, Summer 1977, 20, 10-11
  17. Robert B. McNeill, A portrait in light and music, Scots Magazine, March 2005, p338-342
  18. Senai Boztas, Alison Kinnaird, Neues Glas, Spring 2006 (1/06), 18-25
  19. Jackson, Stevan R. (2004). Tartan and Strings: Ethnography of a Musical Culture. Dubuque, IA: Kendall/Hunt. s. 104. ISBN 0-7575-1530-4. 
  20. «The Scottish Harp». Henta 4. mars 2020. 
  21. «The Scottish Harp». YouTube. Henta 4. mars 2020. 
  22. «Temple Records artists page». Henta 12 July 2019. 
  23. The North-east Collection, Alison Kinnaird, Music Sales Corp 2003, ISBN 978-0954016012
  24. «Kinnaird, Alison, Clarsach Player and Teacher and Glass Engraver, serv Music and to Art». Arkivert frå originalen 13. juni 2011. Henta 1. mars 2020. 
  25. «Alison Kinnaird MBE» (på engelsk). Henta 19. september 2019. 
  26. «The art school reject who became one of the world's top glass artists». BBC News. 15 January 2023. Henta 16 January 2023. 
  27. Psalmsong - Alison Kinnaird. Henta 4. mars 2020. 
  28. «Tutsek Foundation». Henta 11. mars 2020. 
  29. «ST MARY'S CHURCH, KENARDINGTON Diocese of Canterbury» (PDF). Henta 16. juli 2021. 
  30. 30,0 30,1 «Reflections...the art of Alison Kinnaird Part 1». Henta 28. mai 2020. 
  31. «Reflections...the art of Alison Kinnaird Part 2». Henta 4. mars 2020. 
  32. «Celebrating Glass Art in Downtown Tacoma». Henta 26. mai 2020. 
  33. «Stained Glass Windows». Henta 5. mars 2020.