Alive av Vincent Bueno

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Alive»
Song av Vincent Bueno
Land Austerrike
Språk Engelsk
Utgjeve 5. mars 2020
Sjanger Soul-pop, funk
Lengd 03:00
Selskap ORF-Enterprise
Låtskrivar(ar) Vincent Bueno, David Yang, Felix van Göns, Artur Aigner

«Alive» ('levande' eller 'i live') er ein song fra 2020 som vert framført av den austerrikske musikeren Vincent Bueno. Songen vart utgjeven 5. mars 2020 og skulle ha vore det austerrikske bidraget til Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]

Om songen[endre | endre wikiteksten]

«Alive» vert framført av Bueno og vart vald internt av den austerrikske kringkastaren ORF til å representere Austerrike i Eurovision Song Contest. Artisten og tittelen på låten vart presentert av ORF i desember 2019, men «Alive» vart først sloppen 5. mars 2020.[2] Songen er ein uptempo-låt og vart bygd opp av personlege emneknaggar som #vincentbueno, #alive, #fireshots og #hiddenheroes.[3][4]

«Alive» handlar om å verta levande og fri ved å frigjera seg frå sitt eige ego.[5]

Eurovision Song Contest[endre | endre wikiteksten]

I januar 2020 vart Austerrike trekt til å delta i fyrste halvdel av den andre semifinalen av Eurovision Song Contest. Semifinalen skulle ha vore arrangert i Rotterdam Ahoy i Nederland torsdag 14. mai.[6] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse Eurovision Song Contest for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[7] Songen fekk dimed aldri delteke i Eurovision Song Contest.

Musikkvideo[endre | endre wikiteksten]

Ein musikkvideo til songen vart produsert av ATTIC Film på vegne av ORF-Enterprise Musikverlag i Wien. Musikkvideoen vart sloppen same dag som songen.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020. 
  2. «Austria picks Vincent Bueno for Rotterdam 2020». eurovision.tv. 12. desember 2019. Henta 12. februar 2020. 
  3. «Vincent Bueno – Austria». eurovision.tv. Henta 12. februar 2020. 
  4. «Vincent Bueno will represent Austria at Eurovision 2020 with "Alive"» (på engelsk). 12. desember 2019. Henta 12. februar 2020. 
  5. 5,0 5,1 «‘Alive’ is Vincent Bueno’s song for Eurovision 2020». eurovision.tv. 4. mars 2020. Henta 4. mars 2020. 
  6. Union (EBU), European Broadcasting (28. januar 2020). «Eurovision Song Contest 2020: Semi-Finals Line-Up decided» (på engelsk). Henta 12. februar 2020. 
  7. Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.