Emneknagg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ein emneknagg (engelsk hashtag) er symbolet # følgt av eit ord eller ein frase utan mellomrom mellom # og påfølgande bokstav eller tal. Ein emneknagg legg til metadata og knyter meldingar saman. Bruk av emneknagg forenklar søk i sosiale nettverk som Twitter, Facebook, Google+ og Instagram og representerer ein ny måte å søke etter informasjon på.[1] Bruk av emneknaggar vert kalla «folksonomi», som er ei form for sosial bokmerking der brukarane sjølv vel ord og formuleringar i staden for taksonomiar laga av ekspertar.

Emneknaggar tillèt berre eitt ord og vert ofte laga ved at ein utelèt mellomrommet mellom ord. Ein aukar lesbarheita ved å bruke stor bokstav inne i samansetjinga (CamelCase).

Chris Messina introduserte emneknagg på Twitter 23. August 2007,[2] men Twitter avviste ideen i byrjinga. Den fyrste utbreidde bruken kom i oktober 2007 då lokale journalistar nytta emneknaggen #SanDiegoFire[3] for å kvitre om ei rekke skogbrannar i San Diego.[4]

Symbolet # følgt av eit ord vart nytta i PDP-11 på 1970-talet[5] og i programmeringsspråket C i 1978.[6]IRC blir # brukt for å gje namn til grupper og emne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Red Crow marketing (26. oktober 2015). «How Do #Hashtags Affect My #SEO?». 
  2. «how do you feel about using # (pound) for groups. As in #barcamp [msg]?». 23 Aug 2007.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)
  3. #SanDiegoFire på Twitter
  4. Rebecca Hiscott (8. oktober 2013). «The Beginners Guide to the Hashtag». 
  5. «The PDP-11 Assembly Language». August 3, 2011.  Sjekk datoverdiar i |dato= (hjelp)
  6. The C Programming Language. Prentice Hall. 1978. s. 86 og 207. ISBN ISBN 0-13-110163-3 Sjekk |isbn=-verdien: invalid character (hjelp). 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]