Alkoholfri sone

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skilt for alkoholfri sone i Lickey Hills i Birmingham i England

Alkoholfri sone er ei nemning for eit større eller mindre område der det er ulovleg å selja, drikka og i mange høve også ha med seg alkoholdrikkar.[1][2] Slike soner kan omfatta enkeltarrangement som konsertar og festivalar, opphalds- og serveringsstader, lokalsamfunn, statar og heile land. Tidsrom der land har vore alkoholfrie er gjerne kjend som forbodstid.

Ein kan skipa alkoholfrie soner som eit arbeid for generelt fråhald eller som reaksjon mot problem knytt til alkoholdrikking, som bråk og vald.[3][4] Slike tiltak kan møta motbør, til dømes med at ein har tradisjon for utandørs servering.[3]

Døme[endre | endre wikiteksten]

Aserbajdsjan[endre | endre wikiteksten]

Aserbajdsjan har hatt alkoholfrie soner flerie stader sidan minst 1996.[5] Desse sonene finn ein på stader som kafear, teutsal og rekreasjonsstader.[5]

Australia[endre | endre wikiteksten]

I New South Wales i Australia er nokre gater utnemnde til alkoholfrie soner, markerte med skilt.[6] Politiet kan gje dei som bryt forbodet ei åtvaring. Dersom dei fortset å drikka kan dei få bøter og få drikka si konfiskert.[6] A great deal of parks in New South Wales are designated as alcohol-free zones.[6] Bondi i New South Wales skipa ei alkoholfri sone i byen i 2004 for å prøva å få bukt med vald og bråk på grunn av drikking på gata.[3] I april 2016 hadde Sydney 60 alkoholfrie soner, men byrådet gjorde framlegg om å fasa dei ut.[1]

India[endre | endre wikiteksten]

I India finst det fleire døme på «tørrlagde» byar, regionar og heile delstatar. Alkoholforbod er populære blant mange kvinnegrupper, som hevder alkoholmisbruk fører til konemishandling og djupare fattigdom. Kritikarar peiker likevel på at det pleier vera lett å få tak i alkohol gjennom smugling og heimebrenning.

Den indiske grunnlova slår fast at delstatane skal arbeida for alkoholforbod bortsett frå til medisinsk bruk.[7] I 2016 var fire delstatar eller territorium tørrlagde - Bihar, Gujarat, Lakshadweep og Nagaland.[8] Også Haryana, Maharashtra, Manipur, Mizoram og Tamil Nadu har hatt alkoholforbod.[9]

Regionen Attappadi i Kerala blei gjort til ei alkoholfri sone i 1996 av delstatsministeren A.K. Antony. Trass i statusen har folk gjennom fleire år kryssa delstatsgrensa til Tamil Nadu for å kjøpa alkohol, noko som førte til protestar i 2016. Ein skal også ha produsert heimebrent i skogane i området.[10]

Storbritannia[endre | endre wikiteksten]

Skilt for alkoholfri sone i Liverpool i England.

Den første større alkoholfrie sona skipa i Storbritannia var i Coventry i England i 1988.[11] Opphavleg blei heile sentrum erklært som ei alkoholfri sone,[11] men i 2006 blei deretter blei heile byen erklært alkoholfri. Forbodet er retta mot drikking på offentleg stad.[12]

Boston i Lincolnshire la ned forbod mot offentleg drikking i januar 2015 som reaksjon mot uro knytt til dette.[13] The street drinking ban includes the town center and other areas.[13] Folk som blir tekne medan dei drikk offentleg i forbodne område kan få ein bot på 100 pund, 500 pund om dei blir bedne om å stoppa og ikkje gjer det.[13] Om dei blir tekne ein andre gong innan seks månader etter ein første blir dei også bøtelagt opptil 500 pund.[13] Ved innføringa av forbodet samla byrådsmedlemmer og politi ved ei tilstelling der øl frå ølkanner blei hella ut eit avløp.[13]

I 2009 blei det innført alkoholfrie soner i fleire parkar i Knowsley i Merseyside på grunn av problem med fyll og uro.[4] Drikking på serveringsstader med alkoholløyve blei ikkje påverka av sonene.[4]

Liverpool i England har også fleir alkoholfrie soner i delar av byen.[14]

USA[endre | endre wikiteksten]

Eit knapt fleirtal av delstatane i USA har forbod mot å ha eller drikka frå eit opna alkoholilåt på offentleg stad, medan 24 av statane ikkje har lover knytt til offentleg drikking.[15] Byar og county kan innføra lokale reglar som forbyr eller tillèt drikking.[16]

Ein del parkar og rekreasjonsområde i USA er alkoholfrie område, medan andre ikkje er det. Til dømes kan ein ha forbod mot alkoholdrikking i strandområde, medan det er lov å drikka alkohol i campingområde.[17] Johnson County i Iowa har til dømes alkoholfrie soner.[17] Elvebreidden i Covington i Ohio blei erklært ei alkoholfri sone av det lokale politiet rundt 1989.[18]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Barclay, Andrew (April 6, 2016). «Alcohol-free zone removal a ‘win for the marginalised’». Altmedia. Henta June 8, 2016. 
  2. Saggers, S.; Gray, D. (1998). Dealing with Alcohol: Indigenous Usage in Australia, New Zealand and Canada. Cambridge University Press. s. 159. ISBN 978-0-521-62977-5. Henta June 8, 2016. 
  3. 3,0 3,1 3,2 Mazerolle, L.; Ransley, J. (2006). Third Party Policing. Cambridge Studies in Criminology. Cambridge University Press. s. 92. ISBN 978-1-139-44751-5. Henta June 8, 2016. 
  4. 4,0 4,1 4,2 Martin, J.; Lancer, D. (2015). AQA Law for AS Sixth Edition. Hodder Education. s. 66. ISBN 978-1-4718-5024-0. Henta June 8, 2016. 
  5. 5,0 5,1 White, S. (1996). Russia Goes Dry: Alcohol, State and Society. Cambridge University Press. s. 77. ISBN 978-0-521-55849-5. Henta June 8, 2016. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Sanders, J. (2010). Youth Justice: Your Guide to Cops and Courts in New South Wales, 4th Edition. Legal tool kit. Federation Press. s. 98. ISBN 978-1-86287-812-9. Henta June 8, 2016. 
  7. Constitution of India, article 47 (PDF)
  8. «States with total and phase-wise prohibition of alcohol in India», The Indian Express, 6. april 2016 
  9. Shashank Bengali; Parth M.N. (25. mai 2016), «More Indian states are banning liquor, though that hasn't stopped the drinking», Los Angeles Times 
  10. «TN liquor floods alcohol-free zone in Kerala: Tribals protest against TASMAC». The News Minute. March 1, 2016. Henta June 8, 2016. 
  11. 11,0 11,1 Bentley, David (January 21, 2015). «We look at 20 things Coventry gave the world as driverless cars hit streets». Coventry Telegraph. Henta June 8, 2016. 
  12. «Streets freed of alcohol menace», COVENTRY TELEGRAPH, 6. oktober 2007 
  13. 13,0 13,1 13,2 13,3 13,4 Target, Boston (January 16, 2015). «as council leader pours away a beer». Boston Target. Henta June 8, 2016. 
  14. Wright, Jade (July 17, 2015). «Free events announced for Liverpool Pride 2015». Liverpool Echo. Henta June 8, 2016. 
  15. «OPEN CONTAINER AND OPEN CONSUMPTION OF ALCOHOL STATE STATUTES». National Conference of State Legislatures. May 13, 2013. Henta January 15, 2014. 
  16. «California Business and Professions Code Section 25620 – California Attorney Resources – California Laws». Law.onecle.com. February 22, 2013. Henta April 22, 2013. 
  17. 17,0 17,1 Schmidt, Mitchell (May 27, 2016). «Memorial Day: Before you crack a beer, know the rules at popular recreation areas». The Gazette. Henta June 8, 2016. 
  18. Pulfer, Laura (September 1989). «Mugfest». Cincinnati Magazine. s. 6. Henta 8 June 2016.