Haryana
![]() | |
Hovudstad | Chandigarh |
Flatevidd
- Rangering i India |
44 212 km² 20.. |
Folketal (2001) - Rangering i India |
21 082 989 16.. |
Grunnlagd | 1. november 1966 |
Offisielle språk | hindi, punjabi |
Guvernør Øvste minister |
A.R. Kidwai Bhupinder Singh Hooda |
Nettstad | haryana.gov.in |
Haryana er ein delstat i India. Han grensar mot Panjab og Himachal Pradesh i nord, mot Uttaranchal og Uttar Pradesh i aust, mot Rajasthan sør og vest, og omsluttar saman med Uttar Pradesh hovudsstadsterritoriet Delhi.

Haryana blei skild ut frå Panjab i 1966. Grunngjevinga var språkleg – innbyggjarane her er hovudsakleg hinditalande, medan fleirtalet snakkar panjabi i Panjab. Fleire panjabarar er også sikhar, medan fleirtalet i Haryana er hinduar. Samstundes er dei fleste innbyggjarane i begge statane jatar. Ved opprettinga blei Chandigarh delt hovudstad. Etter planen skulle denne overførast til Punjab i 1986, men dette skjedde ikkje.
Delstaten har ein stor industriproduksjon med fabrikkar særleg i Gurgaon, Panchkula, Panipat, Faridabad og Bahadurgarh. Delstaten produserer halvparten av alle personbilar og motorsyklar laga i India, 30% kjøleskap, 25 % av traktorar. Staten står også for 20 % av eksporten av vitskaplege instrument og 33 % av indisk programvareeksport. Fleire nasjonale og internasjonale selskap held til her. Bilfirmaet Maruti har hovudkontor i Gurgaon.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Haryana» frå Wikipedia på engelsk, og «Haryana» frå Wikipedia på dansk den 24. mars 2010.
- haryanainvest.org Arkivert 2008-12-27 ved Wayback Machine.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
