Maharashtra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maharashtra
Geografisk plassering

Delstat i India

Hovudstad Mumbai
Flatevidd

 - Rangering i India

307 713 km²

3.

Folketal (2001)

 - Rangering i India
 - Folketettleik

96 752 247

2.
314,42/km²

Grunnlagd 1. mai 1960
Offisielle språk Marathi
Guvernør
Øvste minister
SM Krishna
Vilasrao Deshmukh
Nettstad www.maharashtra.gov.in

Maharashtra (महाराष्ट्र) er ein delstat vest i India. Han har kyst i vest mot Det arabiske havet og grenser elles til Gujarat, Madhya Pradesh, Chhattisgarh, Andhra Pradesh, Karnataka, Goa og Dadra og Nagar Haveli. Hovudstaden er millionbyen Mumbai (Bombay), og staten er den nest mest folkerike i landet etter Uttar Pradesh. Målt i flatevidd er han den tredje største, etter Rajasthan og Madhya Pradesh. Hovudspråket i delstaten er marathi.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sahyadri er marathinamnet på den delen av den vestlege fjellkjeda som går langs kysten av landet frå grensa mellom Maharashtra og Gujarat til Tamil Nadu, nesten ved sørspissen av India. Mange viktige elver, som Godavari, Krisjna og Káveri oppstår her, og fjella er grøne og frodige. Aust for fjella ligg det tørre Dekkanplatået, medan Konkanområda langs vestkysten av Maharashtra er lågtliggande, fruktbar mark med ei breidde på 50–80 km.

Viktige byar er Mumbai, Pune, Jangaor, Ahmednagar, Sholapur, Nasik, Kolhapur, Aurangabad og Nagpur.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Folketeljinga i 2001 kom fram til at det budde 96 752 247 menneske i Maharashtra.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Delstaten blei danna 1. mai 1960 etter krav frå marathiane om å få sin eigen stat. Delstaten Bombay blei delt i dei to statane Maharashtra og Gujarat etter kva som var hovudspråk. Det var stor usemje om kva stat sjølve Bombay (no Mumbai) skulle høyra til, men regjeringa lét han til slutt høyra til Maharashtra.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.