Allmanach paa det aar efter Jesu Christi Fødsel 1644

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framsida på den første norske almanakken, rekna som den første boka trykt i Noreg
Oppslag på februar månad

En ny Allmanach paa det Aar efter Jesu Christi Fødsel, 1644 som kom ut hausten 1643 er rekna som den første boka som vart trykt i Noreg. Boka er, i følgje tittelbladet, «Et lidet Prognosticon, eller Practica/ Paa det Aaret efter vor Freleris oc Saliggjøreris Jesu Christi Naaderige Fødsel/1644. Med Flid paa Danske udsat oc Tryckt udi Christiania Aff Tyge Nielssøn.»

Tyge Nielssøn var ein dansk boktrykkar som vart oppmoda til å etablere seg i Christiania. Denne almanakken var noko av det første han trykte, og boka er rekna for å vere den første trykte norske boka i Noreg.

Almanakken kunne nyttast til spådommar, og slike bøker selde godt. Boka har mange astronomiske teikn, og er vanskeleg å lese for ein amatør. Boka må vere utforma på grunnlag av eit dansk manuskript, for det er tidene for soloppgang og solnedgang i København som er lagde til grunn. Almanakken inneheldt ikkje berre astronomiske opplysningar, han kunne og hjelpe folk å spå om ulykker, brann og død.

Tyge Nielssøn avslutta teksten for kvar månad med små råd:

  • For Februarius les vi: «Det er gaat at dricke hippocras / En god drick Miød / eller anden god Dranck / som giør en sød Mund / synderlig Piger / thi naar de dricke formeget her aff / da pleye de gierne at tabe deris Nøgle til Bugkisten.»
  • For Martius (mars) les vi: «Huo drømmer om Penge tre Dage oc tre Netter/ Imellem S. Antonu oc Sanct Pauli/ hand findes en stor haab/ om hand ellers kand treffe huor de ere.»
  • For Julius (juli): «Dend som allerførst seer Storcken komme / oc beder hannem være velkommen / hannem giør det Aar ingen Tand Vee.»

Boka har sidan komme ut i faksimileutgåve.

Det einaste bevarte originaleksemplaret tilhøyrer Nasjonalbiblioteket. I 2014 vart det ein del av Noregs dokumentarv.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]