Alma Halse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Alma Halse
Statsborgarskap Noreg
Fødd 7. desember 1907
Død

18. august 1969 (61 år)

Yrke predikant

Alma Halse (7. desember 190718. august 1969) var ein norsk forkynnar og velgjerar. Ho fekk Kongens fortenestemedalje i gull i 1965 og Alle Kvinners ærespris i 1963 for den kristen-humanitære innsatsen sin i Alta i Finnmark.

Alma Halse var fødd på Åheim i Møre og Romsdal. Ho kom til Finnmark i 1933 som forkynnar og hjelpearbeidar innen Pinserørsla. Kyrkjelyden Filadelfia i Ålesund støtta arbeidet økonomisk. Etter kvart blei Alma Halse eit kjent namn omkring i landet, og mange frivillige drog gjennom åra til Alta for å støtta Alma Halse i hjelpearbeidet hennar.

Halse hjelpte foreldrelause, fattige og heimlause, flyktningar, sjuke og eldre. I Bossekop bygga ho opp barneheimen Betania, omsorgsbustader innan psykiatri og ein pleieheim.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]