Alnabruterminalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Flyfoto av ein part av Alnabru godsterminal og skiftestasjon.

Alnabruterminalen, Alnabru godsterminal og skiftestasjon, er ein jernbaneterminal for gods og ein skiftestasjon for godstog som ligg på Alnabru i Groruddalen i Oslo, knytt til Hovedbanen og til godstoglina (Loenga-Alnabrulinja) fram til hamneområda på Sjursøya i Oslo og til godstoglina (Alnabanen) fram til Grefsen stasjonGjøvikbanen i Oslo. Mange godstog kjem kvart døger inn til skiftestasjonen for at vognene skal koplast frå kvarandre og sorterast for å setjast saman til nye tog til ulike destinasjonar, og på godsterminalen vert konteinarar flytta over mellom jarnbanevogner og bilar eller lagerområde av store konteinarkranar og terminaltraktorar. Dessutan har fleire transportselskap store lager- og ekspedisjonshus på terminalen. Alnabruterminalen fungerer soleis som krumtappen i jarnbanetransporten av gods i Noreg.

Skiftinga av godsvogner på skiftestasjonen gjerast etter fastsette prosedyrar. Vognene sleppast fritt, ei etter ei eller i grupper, ut for ei lita bakke, og på dette viset få den farten dei treng for å kunne rulle vidare av seg sjølv for å pensast inn på eitt av dei mange spora som trengst for å sortere dei. For å kontrollere farten på vognene, og for å stogge og halda vognene fast under skiftinga, ligg det fleire typar spesialbremser i spora som knip til om hjula på vognene. I enden av skiftestasjonen ligg det dessutan pensar som kan nyttast til å få vognene til å køyre inn på avgreiningsspor dersom det er fåre for at dei kan kome utilsikta inn på trafikkerte spor.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]