Alsou

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Alsou
Alsou.jpg
Fødd27. juni 1983 (38 år)
FødestadBugulma
Fødenamnrussisk Алсу Ралифовна Абрамова, tatarisk Alsu Rälif qızı Abramova
OpphavRussland, Storbritannia
Aktiv1998–
Sjangerpop, moderne R&B, synthpop
Instrumentpiano, vokal
PlateselskapUniversal Music Group
Verka somsongar, modell, skodespelar, arrangementvert, programleiar
FarRalif Safin
Gift medJan R. Abramov
BornMikella Abramova
PrisarMerited Artist of the Russian Federation, People's Artist of the Republic of Bashkortostan, People's Artist of the Republic of Tatarstan, Æret kunstner av republikken Tatarstan, World Music Awards

Alsu Ralifovna Abramova (fødd 27. juni 1983 i Bugulma i Tatarstan), òg kjend som Alsou, er ein tatarisk vokalist og skodespelar frå Russland som framfører melodiar på russisk, tatarisk og engelsk.[1]

I Noreg og Europa vart Alsou kjend då ho representerte Russland i Eurovision Song Contest 2000 med songen «Solo». Songen enda på andreplass, bak danske Olsen Brothers og «Fly on the Wings of Love». I 2009 var Alsou ein av to programleiarar då Eurovision Song Contest vart arrangert i Moskva.[2]

Alsou er dottera til Ralif Safin som var visepresident i LUKoil, tidlegare senator i republikken Altaj og medlem av Det russiske føderasjonsrådet.[3][4][5] Ho spelte piano som barn og gjorde seg merka for songtalentet sitt allereie i tiårsalderen. I mars 2006 gifta Alsou seg med den russisk-jødiske musikaren Yan Abramov.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Discogs: Alsou. Besøkt 15. oktober 2012.
  2. The Diggiloo Trush
  3. Den russiske nettstaden Persona: Celebrities: Safin Ralif Rafilovic. Besøkt 15. oktober 2012 (engelsk).
  4. Pravda på engelsk. Artikkel 18.11.2004: Russian ogliarchs' children.... Besøkt 15. oktober 2012 (engelsk).
  5. Ourcampaingns.com Safin, Ralif. Besøkt 15. oktober 2012 (engelsk).
  6. Russianblog.org The Mother of All Mafia Weddings Arkivert 2. mai 2012 på Wayback Machine.. Besøkt 15. oktober 2012 (engelsk).