Alt om min far

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Alt om min far er ein norsk dokumentarfilm frå 2002 som er regissert og skriven av Even Benestad. Filmen handlar om regissørens far, Esben Esther Pirelli Benestad, som er lege, sexolog og transvestitt busett i den konservative sørlandsbyen Grimstad. Filmtittelen referer til filmen Alt om min mor, Todo sobre mi madre (1999) av Pedro Almodovár.[1]

Handling[endre | endre wikiteksten]

Alt om min far tek til med at Esben Esther fortel om ein gjentakande, skremmande draum han hadde i barndommen, der han er ombord på Titanic, og veit at han vil gå ned med skipet fordi han er ein mann.[2] Filmen gjev eit nært portrett av familien Benestad, og går tett på personlege samtalar familiemedlemmene imellom. Det blir vist klipp frå Esben Benestads barndom, der det er vanskeleg å ana at denne guten ein dag vil oppfatta seg som kvinne.[3] Esben Esther ønskjer å visa verda kven han (eller ho) er, at han må kunna aksepterast som kvinne. Sonen Even synest på si side at om faren kallar seg ei kvinne, vil han likevel vera ein mann, for det er det ein far er. Filmen portretterer også ekskona til Esben Esther, dottera deira og hans noverande kone, sexologen Elsa Almås.[4]

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Alt om min far vart skildra som ein humoristisk og svært modig film som stiller mange spørsmål rundt kjønn, identitet, familie, korleis det er å vera tokjønna og kva det er å vera far.[5] Han fekk lite kinovisning utanfor Noreg, men vart vist ein del på utanlandske filmfestivalar.[6] Filmen fekk terningkast fem av både VG, Dagbladet, Aftenposten, Dagsavisen, FilmMagasinet og NRK P3 - Filmpolitiet.[7][8]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]