Esben Esther Pirelli Benestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Esben Esther Pirelli Benestad
Esben Esther Pirelli Benestad 01.jpg
Fødenamn Esben Benestad
Fødd 3. mai 1949
Yrke lege

Esben Esther Pirelli Benestad (fødd 3. mai 1949) er ein norsk lege og sexolog[1] som også har markert seg ved å vere ein av dei få opne transpersonane i Noreg.[2]

Benestad er gift med sexologen Elsa Almås og er far til filmregissøren Even Benestad, som skildra faren og tilhøvet hans til kjønn i dokumentarfilmen Alt om min far (2002).[3]

I 2007 deltok Benestad i Skal vi danse, ei deltaking som skapte oppstyr då ein dommar oppfordra han til å anten bruka kvinne- eller mannsklede i tevlinga.[2]

I 2012 vart Pirelli Benestad og kona Elsa Almås begge utnemnt til professorar i sexologi ved Universitetet i Agder. Dei er dei fyrste som har vorte professorar i sexologi i Noreg.[4]

Benestad har gått inn for bruken av kjønnsnøytrale personlege pronomen.[5][6]

Verkliste

  • Sexologi i praksis, med Elsa Almås (1997, ny utgjeving 2006)
  • Kjønn i bevegelse, med Elsa Almås (2001)
  • Transseksualisme - hvor går vi og hvor står vi? (2002)
  • Transekjønn og diagnoser (2004)
  • Penisatlas (2005)

Kjelder

Fotnotar

  1. Kari Løberg Skår; Anne Wirsching; Anne Torhild Nilsen (12.05.2017), «Kjendis-sexolog må ta mer betalt: – Vil ramme mange mennesker», NRK Sørlandet 
  2. 2,0 2,1 Iris Elin Ullvang (06.02.2017), «Vil sprette sjampanjen for «hen» og «hin»», NRK Sørlandet 
  3. Liv Jørgensen (14. februar 2002), Konfrontasjon med far 
  4. «Her er Nordens første sexprofessor», Agderposten.no, 26.01.12 
  5. «Ikke hun og ikke han – men hen», Aftenposten 
  6. «Esben Esther løy om hormoner», Dagbladet 

Bakgrunnsstoff