Even Benestad
| Even Benestad | |||
| Fødd | 16. september 1974 (51 år) | ||
|---|---|---|---|
| Fødestad | Grimstad kommune | ||
| Verka som | filmregissør, manusforfattar, TV-produsent | ||
| Far | Esben Esther Pirelli Benestad | ||
| Prisar | Filmkritikerprisen, Amandaprisen | ||
Even Gottfred Benestad (fødd 16. september 1974) er ein norsk filmregissør frå Grimstad. Han har studert ved Oslo Film og TV-Akademi og har produsert fleire dokumentarfilmar.
Karriere
[endre | endre wikiteksten]Even Benestad fekk gjennombrotet sitt med dokumentarfilmen Alt om min far i 2002. Filmen handlar om regissøren sin eigen far, Esben Esther Pirelli Benestad, hans val om å leva som transvestitt i småbyen Grimstad og korleis det er for menneska rundt han. Filmen fekk svært god kritikk og vart løna med både Amandaprisen for beste norske kinofilm, Filmkritikerprisen og med å vera Noregs nominasjonsbidrag til Nordisk Råds Filmpris.
Neste film med regi av Even Benestad, Natural Born Star, kom ut i 2007. Her portretterer Benestad det turbulente livet til den italienske tidlegare filmskodespelaren Fred Robsahm. I 2011 stod Benestad bak filmen Pushwagner saman med August B. Hanssen. Denne vart til etter eit tre år langt samarbeid med popkunstnaren Terje Brofos, betre kjend som Hariton Pushwagner.[1] Benestad har også regissert kortfilmane Tempus fugit (2009) og 300 sekunder (2011).[2]
Even Benestad har også spela ei lita rolle som seg sjølv i komedien Hjelp, vi er i filmbransjen frå 2011. I tillegg har han vore med Bård Tufte Johansen i ein parodi av sin eigen film, Alt om min far. Parodien fekk namnet «Alt om min onkel», og var med i ein episode av Uti vår hage i 2003.[3]
Filmografi
[endre | endre wikiteksten]- Alt om min far (2002)
- Natural Born Star (2007)
- Tempus fugit (2011), kortfilm
- Pushwagner (2011)
- 300 sekunder (2011), kortfilm
- Club 7 (2014), kortfilm
- The Earth is a Chili (2020), animert kortfilm
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Even Benestad» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 8. september 2013.
- Profil på Filmweb.no