Altamont-festivalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Altamont-festivalen, på engelsk Altamont Speedway Free Festival eller Altamont Free Concert, var ein rockekonsert som blei halden laurdag 6. desember 1969 ved Altamont Speedway nord i California. Festivalen blei organisert av The Rolling Stones, som spelte med Santana, Jefferson Airplane, The Flying Burrito Brothers og Crosby, Stills, Nash & Young.[1] Grateful Dead skulle også ha spelt, men nekta å gå på scena på grunn av den aukande valden ved konserten.[2] Festivalen er best kjend for denne valden, som omfatta drap på ein publikummar på scena av eit Hells Angels-medlem, som var blitt hyra inn som vaktar. Det fann også stad tre dødsulukker, fleire skader, tjuveri og vandalisme.[3] Det blei fødd fire barn under festivalen.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Wyman, Bill (2002), Rolling With the Stones, DK Publishing, s. 350–355, ISBN 0-7894-9998-3 
  2. Lydon, Michael (September 1970), «An Evening with the Grateful Dead», Rolling Stone 
  3. Ortega, Tony (24. august 2010), Viewing the Remains of a Mean Saturday Village Voice December 18, 1969, Blogs.villagevoice.com, arkivert frå originalen 1. juli 2012, henta 25. oktober 2010 
  4. The Rolling Stones et al. (1970), Gimme Shelter (DVD released 2000), Criterion 
Spire Denne musikkartikkelen som har med historie og USA å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.