Hopp til innhald

Amarildo Tavares

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Amarildo Tavares


Statsborgarskap Brasil
Fødd 29. juli 1939 (84 år)
Campos dos Goytacazes
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1962

Amarildo Tavares da Silveira (fødd 29. juli 1939) er ein brasiliansk tidlegare fotballspelar kjend som Amarildo som i 1962 vart verdsmeister med det brasilianske landslaget.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Amarildo var Botafogo-spelar frå 1958 til -63, skåra 45 mål på 85 kampar. I 1963 skreiv han kontrakt med AC Milan, som han vann Coppa Italia med i 1967. Straks etter flytta han over til Fiorentina, der han bidrog til at laget var seriemeister i 1969. Sidan var han aktiv 1970-72 for AS Roma, før han avslutta med 7 kampar for Vasco da Gama i heimlandet.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Amarildo spelte 22 landskampar for Brasil åra 1961-66 og skåra 7 mål. Under VM i fotball 1962 i Chile kom han inn på laget i staden for skadde Pelé. I finalen mot Tsjekkoslovakia utlikna han til 1–1 tidleg i kampen og spelte fri Zito som la på til 2–1.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]