Zito

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Zito
Fødd 8. august 1932
Fødestad Roseira
Død 14. juni 2015
Dødsstad Santos

José Ely de Miranda, kjend som Zito (8. august 193214. juni 2015), var ein brasiliansk fotballspelar og -trenar for Santos FC. Han vart verdsmeister med Brasil både i 1958 og 1962. Zito var ein defensiv midtbanespelar som fungerte som playmaker på Santos, eit av verdas fremste fotballag i fyrste halvpart av 1960-åra.

Zito spelte seksten samfulle sesongar på Santos FC i tida 1952-67. Ni gongar vart han delstatsmeister i São Paulo, og åra 1961-65 var han med på fem strake sigrar i turneringa Taca Brasil. Både i 1962 og 1963 vann Santos FC Cop Libertadores, med både Pelé, Zito og andre landslagsfolk på laget.

Frå debuten i 1955 spelte Zito 52 landskampar for Brasil og skåra tre mål. Han var fast på midtbanen både under fotball-VM 1958, då Brasil vart verdsmeistrar for fyrste gong, etter 5-2 over vertslandet Sverige i finalen, samt under VM i fotball 1962 i Chile, der Brasil forsvarte VM-tittelen med finalesiger 3-1 over Tsjekkoslovakia. Zito var teken med til fotball-VM i England i 1966, men hadde allereie spelte sin siste landskamp i oppkøyringa til meisterskapen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]