Amatørastronomi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Amatørastronomar observerer nattehimmelen under meteorregnet Perseidane.

Amatørastronomi er amatøraktivitet innan astronomi. I mange land finst samskipnader som gjennom føredragsverksemd, observasjonskurs, ekskursjonar til observatorium, utgjeving av bøker og tidsskrift osv., arbeider for utbreiing av, interesse for og kjennskap til astronomi. To av dei største samskipnadane er Société astronomique de France (stifta 1887 og gjev ut L'Astronomie) og British Astronomical Association (stifta 1890, gjev mellom anna ut Journal of the B. A.). Norsk Astronomisk Selskap i Oslo (stifta 1938 med kring 2000 medlemmar i 2003), gjev ut tidsskriftet Astronomi.

Amatørastronomar utfører ofte verdifullt vitskapleg arbeid, særleg i samband med variable stjerner. Av norske amatørar kan ein nemne Sigurd Einbu og Olaf Hassel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]