Ambassadesekretær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ambassadesekretær er ei stillingsnemning for ein utsend medarbeidar (diplomat) under ambassadørnivå ved ein ambassade. Tittelen 1. ambassadesekretær blir nytta om ein noko meir erfaren medarbeidar. Ein ambassadesekretær kan fungera som chargé d'affaires når ambassadøren ikkje er til stades.

Stillinga finst også ved større konsulat som er bemanna med profesjonelle tilsette i utanrikstenesta (i motsetnad til honorære konsular), gjerne kalla konsulatsekretær. Ein konsulatsekretær er gjerne nestleiar ved konsulatet, og kan fungera som stadfortredar for konsulen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]