Ammochostos Stadion

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ammochostos Stadion (gresk skrift Γήπεδο Αμμόχωστος) er eit fotballstadion i Larnaka i Republikken Kypros. Det rommar heimebana til Nea Salamis Ammókhostos FC.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege heimebana til Nea Salamis Ammókhostos FC var GSE Stadion i Ammókhostos, men dei har ikkje kunnet bruke ho sidan den tyrkiske okkupasjonen av Kypros i 1974. Nea Salamis flytta derfor til Larnaka, der dei i 1989 bestemde seg for å byggja ein ny stadion. Bygginga vart påbyrja i desember det same året. Etter romslege donasjonar frå Salamis-tilhengarar i Kypros og elles i verda, bistand frå Cyprus Sports Association og dugnadsinnsats frå mange arbeidarar sto stadionet ferdig på rekordtid.

Den første offisielle kampen i Nea Salamina stadion vart spela på laurdag 12. oktober 1991 med laget Evagoras Paphos som motspillerar. Nea Salamina vann 4-1. Stadionet var vert til UEFA's European Under-16 Football Championship-finala 17. mai 1992 mellom Tyskland og Spania, der Tyskland vann 2-1. Sidan 2007 har Nea Salamis fotballklub kontor under den søre tribuna.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Ammochostos Stadion er oppkalla etter byen Ammókhostos, heimbyen til klubben før invasjonen i 1974.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]