Amund Olsen Huser
| Amund Olsen Huser | |||
| Fødd | 2. desember 1827 Rødenes kommune | ||
|---|---|---|---|
| Død | 26. februar 1895 (67 år) | ||
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Venstre | ||
| Yrke | bonde, offiser, politikar | ||
| Alle verv |
| ||
Amund Olsen Huser (2. desember 1827–26. februar 1895) var ein underoffiser, gardbrukar og stortingsmann frå Rødenes i Østfold. Han var medlem av Stortingets Venstreforening.
Far hans var gardbrukar i Rødenes. Sjølv tok han militær utdanning, vart sersjant 1849, kommandersersjant 1854 og var fanejunker 1860-73. I 1861 tok han over farsgarden og dreiv denne sidan. Frå 1864 var han medlem av heradsstyret, ordførar i ti år. Elles var han forlikskommissær frå 1858, formann i 'Rødenes brandassuranceforening' frå 1862, sparebankdirektør frå 1887, samt formann i matrikkelkommisjonen i heradet.
Huser var stortingsmann frå Smaalenenes amt frå 1877 til 1888. Perioden 1877-82 var han medlem av protokollkomiteen og 1883-88 medlem av Lagtinget og gasje- og pensjonskomiteen. I 1883-84 hadde han sete i riksretten mot Selmer-ministeriet.
Han døydde på garden sin i Rødenes i 1895.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Amund Olsen Huser ved PolSys hos Sikt – Kunnskapssektorens tjenesteleverandør
- Einskildmenn
- Fødde i 1827
- Døde i 1895
- Norske gardbrukarar
- Norske offiserar
- Norske bankfolk
- Stortingsrepresentantar 1877-1879
- Stortingsrepresentantar 1880-1882
- Stortingsrepresentantar 1883-1885
- Stortingsrepresentantar 1886-1888
- Stortingsrepresentantar for Østfold
- Stortingsrepresentantar frå Venstre
- Ordførarar i Rødenes
- Folk frå Marker