Riksretten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Riksretten i Noreg er ein særdomstol som skal døme i saker mot statsrådar, høgsterettsdomarar og stortingsrepresentantar for straffbare handlingar desse har gjort i kraft av embetet sitt. Riksretten er heimla i Den norske grunnlova.

Odelstinget har påtalemakta i riksrettssaker. Medlemmer av Lagtinget og Høgsterett dømer i riksrettssaker. Heimelen til riksretten er § 86 og § 87 i Grunnlova.

Riksretten spelte ei viktig rolle i konstitusjonskampane i siste halvdel av 1800-talet, sjå til dømes Statsrådsaka. Striden om vetoretten til Kongen i grunnlovssaker fekk ein førebels slutt i og med riksrettsdommen mot regjeringa Selmer i 1884, noko som òg gav ei utvikling mot parlamentarisme.

I våre dagar er ikkje Riksretten særleg mykje nytta som politisk maktmiddel, og den siste gongen Riksrett vart nytta i Noreg var i 1927. Frå tid til anna har det rett nok blitt foreslått å reise riksrettstiltale mot enkelte statsrådar og stortingsfolk, også i nyare tid. I dei seinare åra er det vurdert om Riksretten bør avskaffast og heller overføre sakene til dei ordinære domstolane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]