Amygdalin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Strukturen til amygdalin

Amygdalin (C20H27NO11) er eit giftig og cyanogent glykosid som finst i fleire plantar, særleg i frøkjernar i aprikos, bittermandel, fersken, eple og plommer.[1][2]

Både amygdalin og den modifiserte varianten laetril (C14H15NO7) har sidan 1950-åra blitt fremja i alternativ kreftbehandling, ofte under den misvisande nemninga vitamin B17.[1] Korkje amygdalin eller laetril er eigentleg vitamin.[1][3] Forsking har vist at stoffa ikkje er effektive i behandling kreft, og at dei dessutan er potensielt giftige eller dødelege fordi dei kan føra til cyanidforgifting.[1]

Fremjinga av laetril til kreftbehandling har blitt skildra i medisinsk litteratur som eit mønstergodt døme på kvakksalveri,[4][5] og som den «sleipaste, mest sofistikerte og desidert mest inntektsgjevande kvakksalvarkampanjen i medisinsk historie.»[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Amygdalin/ laetrile/ B17». nifab.no. Nasjonalt Forskningssenter innen Komplementær og Alternativ Behandling (NAFKAM). 5. januar 2016. http://nifab.no/faktaark/amygdalin_laetrile_b17. Henta 28. januar 2017. 
  2. «Are Apple Cores Poisonous?». thenakedscientists.com. The Naked Scientists. 26. september 2010. https://www.thenakedscientists.com/articles/questions/are-apple-cores-poisonous. Henta 28. januar 2017. 
  3. «Amygdalin og laetril ("vitamin B17")». nhi.no. Norsk Helseinformatikk. 6. oktober 2014. http://nhi.no/livsstil/helseopplysning/naturpreparat/amygdalin-og-laetril-vitamin-b17-45334.html. Henta 28. januar 2017. 
  4. Lerner IJ (February 1984). «The whys of cancer quackery». Cancer 53 (3 Suppl): 815–9. PMID 6362828. doi:10.1002/1097-0142(19840201)53:3+<815::AID-CNCR2820531334>3.0.CO;2-U. 
  5. Nightingale SL (1984). «Laetrile: the regulatory challenge of an unproven remedy». Public Health Rep 99 (4): 333–8. PMC 1424606. PMID 6431478. 
  6. Lerner IJ (1981). «Laetrile: a lesson in cancer quackery». CA Cancer J Clin 31 (2): 91–5. PMID 6781723. doi:10.3322/canjclin.31.2.91. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Amygdalin