Anaksimander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Romersk relieff laga som ein kopi av ei gresk framstilling av Anaksimander.

Anaksimander var ein gresk tenkjar som høyrde til før-sokratikarane. Han levde frå om lag 610 f.Kr. til om lag 546 f.Kr. og budde i byen Milet på kysten av Vesle-Asia. Hans tapte verk Om naturen er det eldste filosofiske verket i gresk litteratur. Anaksimander meinte verda var bygd opp av det uforgjengelege stoffet apeiron. Han var også astronom og geograf.

Meiningar og arbeid[endre | endre wikiteksten]

Anaksimander var truleg elev av Tales som meinte at det grunnleggjande stoffet i verda (arkhe) var vatn, men hadde likevel ein heilt annan teori om kva som var arkhé.

Anaksimander trudde ikkje at verda var bygd opp av eit eller fleire av stoffa som ein allereie kunne finne i verda. Dette var uharmonisk og førte til at ubalanse, viss alt består av eitt stoff vil vi ikkje ha den nødvendige balansen i verda. Han såg difor for seg at verda var bygd opp av noko anna, noko ubestemt som ting kom frå og gjekk tilbake til. Dette ubestemte kalla han for apeiron.

Skisse av korleis verdskartet til Anaksimander kan ha sett ut.[1]

Anaksimander teikna det første greske verdskartet og la fram ein ikkje-mytologisk kosmologi. Her såg han for seg jorda som ein sylinder som flaut i det uendelege, utan støtte frå noko anna. Menneska levde på toppen av sylinderen med eit hav rundt omkrinsen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Etter John Mansley Robinson, An Introduction to Early Greek Philosophy, Houghton and Mifflin, 1968. Opggjeve av Engelsk Wikipedia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Anaksimander


Spire Denne filosofiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.