Anaksimenes frå Milet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Anaksimenes frå Milet

Anaksimenes var ein gresk filosof som truleg levde på byrjinga av 500-talet før vår tidsrekning i Milet på kysten av Vesle-Asia.

Han er kjend for sin teori om at verda var bygd opp av luft i ein fortetta eller fortynna tilstand (arkhe-teori). Han såg føre seg at alt i verda eigentleg var luft, men at andre stoff oppstod av at luft vart fortetta eller fortynna. Fortetta luft var hard og kald medan fortynna luft var flyktig og varm, det midt i mellom var lufta i menneska sitt levemiljø der den hadde passeleg temperatur og gav eit leveleg miljø. Slik teikna han eit bilete av verda med ein kald og hard kjerne i jorda under menneska og ein varm og flyktig sfære over menneska.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]