Anders Svor Museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Svor Museum
Anders Svor museum.JPG
Museet med skulpturar i hagen
StadGrodås i Hornindal
Skipa1953

Anders Svor Museum i Hornindal er eit kunstmuseum, oppført til minne om bilethoggaren Anders Svor, som var frå bygda. Museumsbygget, som inneheld dei fleste av arbeida til bilethoggaren, i alt 450 arbeid, vart opna i Hornindal i 1953.

I 1992 vart museet utvida og skulptursamlinga fekk betre utstillingsrom. Museet inneheld no også eit galleri med plass for eigne gjesteutstillingar.

Frå hagen ved museet
Frå hagen ved museet

Anders Svor sin kunst er kjenneteikna av det enkle, reine og rotekte. Arbeida hans har ei naturalistisk form, ofte med eit romantisk drag. Anders Svor er ein av fylket sine mest viktige kunstnarar gjennom tidene, og ein sentral kunstnar i si samtid, forankra som han var i «den store tradisjonen». Han er representert kringom i landet med fleire større arbeid, mellom anna i Nasjonalgalleriet i Oslo.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]