Hornindal kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Hornindal)
Hopp til navigering Hopp til søk
Hornindal kommune
kommune
Hornindal kirke.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Grodås
Areal 192 km²
 - land 179 km²
 - vatn 13 km²
Målform nynorsk
Ordførar Stig Olav Lødemel (H)
Kommunenr. 1444

Hornindal
61°59′55″ N 6°35′3″ E
NO 1444 Hornindal.svg
Wikimedia Commons: Hornindal
Nettstad: www.hornindal.kommune.no

Hornindal er ein tidlegare norsk kommune i Sogn og Fjordane fylke som eksisterte frå 1867 til 1964 og frå 1977 til 2020. Området hadde om lag 1200 innbyggarar. Kommunesenteret var Grodås. I Hornindal ligg den djupaste innsjøen i Europa, Hornindalsvatnet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Frå 1837 var Hornindalen del av formannskapsdistriktet for Eid.[1] Hornindal var ein sjølvstendig kommune frå 1867 til 1964, då han vart slått saman med Stryn.

I 1965 vart kommunen delt. Størstedelen vart slått saman med Stryn kommune og ein annan del vart slått saman med Eid kommune. I 1977 vart den delen som hadde vore del av Stryn, skilt ut att som eigen kommune. Då kommunen vart gjenoppretta, var han den minste kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal, men i 1979 passerte han Solund kommune i folketal, og har sidan då vore den nest minste kommunen i fylket.

30. juni 2016 vedtok kommunestyret at det ønskte å slå seg saman med Volda kommune. Volda fatta eit tilsvarande vedtak, og det vart gjort eit endeleg vedtak av Kongen i statsråd hausten 2017. Hornindal og Volda kommune gjekk saman i nye Volda kommune frå 1. januar 2020, og Hornindal vart del av Møre og Romsdal.[2]

Kjende personar frå Hornindal kommune[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lillestøl, Karl (1937). Hornindal herad gjenom hundrad år, 1837-1937. Sandane: [s.n. 
  2. «Kommunereforma blei vedteken i Stortinget». 9. juni 2017. Arkivert frå originalen 2018-04-19. Henta 19. april 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]