Anders Totland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anders Totland
Anders Totland boklansering.jpg
Fødd 18. november 1986
Yrke skribent

Anders Totland (fødd 18. november 1986) er ein norsk forfattar og journalist.

Totland er oppvaksen på Bremnes i Bømlo kommune og på Husnes i Kvinnherad, og bur no på Valen.

Han debuterte som forfattar hausten 2015 med barneboka Vampyrane i EplehagenKapabel forlag. Våren 2016 kom ungdomsboka Engel i snøenGyldendal Norsk Forlag, som Totland fekk Nynorsk barnelitteraturpris for[1]. Boka var den einaste nynorske ungdomsboka som kom ut i Noreg dette halvåret, og er også gjeven ut på dansk, med tittelen Engel i sneen.

Anders Totland har også bidrege med ein tekst til antologien Fantasiboka, som kom ut på Skald forlag høsten 2016.

Han er utdanna kokk og samfunnsvitar. Dei siste åra har han vunne fleire prisar for god journalistikk i lokalavisa Sunnhordland.[2][3][4][5][6] Han har òg fått merksemd for hage- og matbloggen sin.[7]

Anders Totland er son av Marit Elisebet Høines Totland og Jan Ove Anders Høines Totland.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2015: Vampyrane i Eplehagen - illustrert av Nina Flatnes Bratbak (Kapabel forlag)
  • 2016: Engel i snøen - illustrert av Rune Markhus (Gyldendal Norsk Forlag)'
  • 2017: Så lenge ingen ser oss (Gyldendal Norsk Forlag)
  • 2017: Digg - gjer kvardagen til ein fest - saman med Marius Knutsen (Skald Forlag)
  • 2018: Den norske slavehandelen - illustrert av Kristian Krohg-Sørensen (Gyldendal Norsk Forlag)

Bidrag i anotologiar[endre | endre wikiteksten]

Prisar[endre | endre wikiteksten]

  • Nynorsk barnelitteraturpris 2016 for Engel i snøen[8]
  • Ordknappen 2018 for Så lenge ingen ser oss[9]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.nm.no/tekst.cfm?id=4294
  2. http://www.sunnhordland.no/article/20140202/NYHENDE/140209979
  3. http://www.sunnhordland.no/article/20150131/NYHENDE/150139961
  4. http://www.sunnhordland.no/article/20160207/NYHENDE/160209788
  5. http://www.sunnhordland.no/article/20151117/NYHENDE/151119855
  6. http://www.medier24.com/nyheter/dobbelt-opp-for-askoyvaeringen-og-anne-jo-lexander-tok-bade-digitalprisen-og-arets-lokalavisfoto/
  7. http://www.nationen.no/tunmedia/disse-leder-kampen-om-a-bli-norges-beste-bygdeblogg/
  8. http://www.nm.no/tekst.cfm?id=4294
  9. «Ordknappen til Anders Totland». www.h-avis.no (på norsk). 10. juni 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]