Anders Widmark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anders Widmark (f. 1963) er ein svensk jazzpianist og -komponist fødd i Uppsala.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Anders Widmark fullførte utdanninga si ved Musikkhøgskolen i Stockholm i 1986. Sidan det har han arbeidd som profesjonell musikar. Debutplata hans kom i 1991 og fekk namnet Sylvesters sista resa. Han spelte inn plata i samarbeid med songarinna Rebecka Törnqvist, som også platedebuterte med den same plata.

Sidan dette har han gjeve ut ei rekkje album, i samarbeid med fleire kjende artistar, t.d. Sara Isaksson, Louise Hoffsten, Bob Brookmeyer, Eddie Harris og Clark Terry. Han har gjeve ut to plater, Psalmer (1997) og Hymn (2004) der han har spelt inn improvisasjonar av salmar som er kjende i Sverige. Elles har musikken hans stundom vore iblanda hip-hop og soul, (på Anders Widmark and the Soul Quartet, 1992) og han har laga eigne versjonar av moderne hits som No Woman No Cry, Waiting For a Train og Light My FireWaiting for a Train (2006).

Anders Widmark har også jobba som programleiar for SVT 2 ein periode.

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

I 2003 gav han ut plata Genom varje andetag saman med Helen Sjöholm, og vann den svenske Grammis-prisen i klassen Årets visa. I 2005 vart han tildelt Jan Johansson-stipendet, til minne om den svenske jazzmusikaren Jan Johansson.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1991 - Sylvesters sista resa
  • 1992 - Anders Widmark and The Soul Quartet
  • 1994 - Holly Hannah
  • 1995 - Freewheelin
  • 1996 - Anders Widmark
  • 1997 - Psalmer
  • 2000 - Carmen
  • 2002 - Anders Widmark featuring Sara Isaksson
  • 2003 - Genom varje andetag (med Helen Sjöholm)
  • 2004 - Hymn
  • 2006 - Waiting for a Train
  • 2008 - Pool of happiness (med Sara Isaksson)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]