Clark Terry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Clark Terry, 1976
Clark Terry, 2002
Great Lakes Navy Band Jazz Ensemble

Clark «Mumbles» Terry (fødd 14. desember 1920 i St. Louis, Missouri) er ein amerikansk jazztrompetist, flygelhornist, bandleiar og komponist.

Han er kjend for ein varm tone og evna til å spele ei lang rekke artikulasjonsnyansar berre med leppene, altså utan bruk av ventilar. Dette influerte Miles Davis og ei mengd andre trompetistar. Klangideane hans gjorde at han vende seg til flygelhornet, eit instrument han beherskar på ein meisterleg måte og som han i høg grad medverka til blei akseptert i jazzmusikken.

Terry var verksam både som bandleiar og som solist. Han komponerte over 200 songar, underviste og skreiv fleire bøker. Han blei nominert for Grammy tre gonger og i 2010 fekk han Grammy i kategorien Lifetime Achievement Award. Han har fleire æresdoktorat og ein plass i Kansas City's Jazz Hall of Fame.

På 1970-talet spelte han med skandinaviske musikarar i det norske Bodega Band (1972), Arne Domnérus, Mads Vinding og Lennart Åberg. Han har spelt på Oslo Jazzfestival (Cosmopolite i 1999 og Kulturkirken Jakob i 2004).

Diskografi i utval[endre | endre wikiteksten]

  • Serenade to a Bus Seat (OJC, 1957)
  • Duke with a Difference (OJC, 1957)
  • In Orbit (OJC, 1958)
  • Top and Bottom Brass (OJC, 1959)
  • Color Changes (Candid, 1960)
  • Mellow Moods (Prestige, 1961)
  • Live at the Wichita Jazz Festival (Vanguard, 1974)
  • Live at Montmartre, 1975 (Storyville, 1975)
  • Live in Chicago, Vol. 1+2 (Monad, 1976)
  • Intimate Stories (Challenge, 1978)

Publikasjoner[endre | endre wikiteksten]

  • Clark Terry: Let's talk trumpet. From legit to jazz. Phil Rizzo, Creative Jazz Composers, Bowie (Maryland) 1973, Musikpartitur: Studien und Etüden, ca. 100 S., (siehe Homepage von C. Terry)
  • Clark Terry's System of Circular Breathing for Woodwind and Brass Instruments. Terry-Rizzo, Cleveland (Ohio) 1976, 8 S.
  • Clark Terry: The Interpretation of the jazz language. Phil Rizzo, Cleveland 1977, 209 S.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Clark Terry