Anding

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om anding i respirasjonssystemet. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Respirasjon (fleirtyding).

Respirasjon eller anding er ein funksjon som vert utført i respirasjonssystemet, ein utveksling av gassane oksygen (O2) og karbondioksid (CO2) mellom levande organismar og omverda.

Respirasjonen vert delt inn i to distinkte delar, gassutvekslinga, som er prosessen som transporterer oksygen og karbondioksid mellom blodet og atmosfæren og den cellulære respirasjonen, som er den metabolske prosessen som ved hjelp av oksygen skapar energi gjennom oksidasjon og danninga av karbondioksid. Hos mennesket er det vanleg å dele respirasjonen inn i fasar, nærare bestemt inspirasjon (eller inhalasjon) der lufta vert trekt inn i lungene, gassutveksling og cellulær respirasjon og til slutt ekspirasjon, der lufta i lungene vert pusta ut.

Hos mennesket vert respirasjonen styrt av eigne område i hjernestamma og den viktigaste faktoren for kontroll av respirasjonsfarten og -djupna er hos friske personar innhaldet av karbondioksid (CO2) i blodet, slik at ein auka mengde CO2 i blodet stimulerer til auka respirasjon og ikkje mangel på oksygen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]