Andreas Lunnan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Lunnan
Fødd 16. april 1940
Åsen i Levanger
Død

21. februar 2012
Skogn

Yrke journalist, skribent, programleiar, trompetist, jazzmusikar
Born Mari Lunnan

Andreas Lunnan (16. april 194021. februar 2012) var ein norsk journalist, musikar og programleiar frå Skogn i Nord-Trøndelag, tilsett i NRK.

Tidleg i karrieren jobba Lunnan som journalist i Trønder-Avisa. I 1975 var han med på å starta opp NRK sitt distriktskontor på Steinkjer, og han var distriktsredaktør i NRK Nord-Trøndelag i fleire år frå oppstarten i 1984.

Andreas Lunnan fekk hjarteinfarkt i 1979, og har sidan vore open om hjarteproblema sine. Dette resulterte m.a. i to bøker om temaet. Lunnan var også ein dyktig musikar, og sat i juryen i Melodi Grand Prix i 1971. Han har leidd NRK-program om musikk, t.d. Rundt et flygel og Kappspell, og han har sjølv reist rundt som visesongar. Han har gjeve ut to plater, i 2005 og 2007.

Han var tilsett i NRK i ei årrekkje, og avslutta karrieren sin i kanalen med programmet Gjensynet i 2005.

Programleiar[endre | endre wikiteksten]

Utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • Med hjerte i fatle (Bok, 1995)
  • Hjertebanken (Bok, 2005)
  • Det vart poesi tå slekt! (CD, 2005) Tekstar av Birger Jørstad.
  • Ane neri senga – og andre godbiter (CD, 2007) Tekstar av Alv Schieflo.

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]