Andreas Wiel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andreas Wiel
Fødd 13. juni 1826
Fredrikshald
Død

19. juli 1900
Fredrikshald

Yrke forretningsdrivande, politikar, trelasthandlar

Andreas Melchior Glückstad Wiel (13. juli 182619. juli 1900) var ein norsk forretningsmann, næringsdrivar og stortingsmann frå Fredrikshald.

Wiel var son til den dominerande handelsmannen i heimbyen. Sjølv arbeidde han to år på kontoret til ein svoger i Trondheim, og deretter fleire år utanlands hos ulike forretningsmenn. Då han kom tilbake til Fredrikshald vart han eigar av sagbruk og byrja med trelasthandel. Saman med fleire av dei store kaksane i trelasthandelen i Noreg, stifta han Saugbrugsforeningen og var frå 1860 den fyrste disponenten i selskapet. Denne stillinga hadde han i 25 år. Saman med broren Truels Wiel dreiv han Wiels bruk, og arva sidan store skogeigedomar. Han var medeigar i Haldens tændstikfabrik, Haldens ølbryggeri, Haldens bomullsveveri og spinneri og Fredrikshalds meieribolag. Og fram til 1899 var han den fyrste administrerande direktøren i Dalslandsbanen.

Wiel var medlem av bystyret i Fredrikshald frå 1855 og ordførar 1863, 1877-78. Til stortinga 1859-60, 1865-66 og 1868-69 møtte han som representant frå Fredrikshald. På Stortinget var han medlem 1859-60 i Protokollkomiteen, 1862-63 i Protokollkomiteen og Traktatkomiteen, samt sekretær 1868-69 i Bankkomiteen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]