Andrej Khomutov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Andrej Valentinovitsj Khomutov (fødd 21. april 1961) er ein tidlegare sovjet-russisk ishockeyspelar frå Jaroslavl. Han vann i tida 1981-93 sju VM-gull og tre OL-gull for Sovjetunionen og sidan Russland.

Khomutov var frå vinteren 1980 høgreveng på CSKA Moskva, det suverene topplaget i sovjetisk ishockey. Etter ti suksessrike år i CSKA flytta han i 1990 til Sveits og var aktiv på Fribourg-Gottéron til han la opp i 1998.

Åra 1981-84 vann Khomutov med Sovjetunionen sitt landslag tre strake VM-titlar og den olympiske ishockey-turneringa i Sarajevo. Etter bronseplass i VM 1985, var Khomutov og lagkameratane tilbake på gullplassen året etter. I 1987 tapte Sovjetunionen den avgjerande VM-kampen mot Sverige. Under Vinter-OL 1998 vart det atter OL-gull til Sovjetunionen og Khomutov, deretter vart han verdsmeister i 1989 og 1990. Frå vinterleikane 1992 i Albertville reiste Khomutov med sin tredje olympiske gullmedalje. Året etter henta han sitt sjuande VM-gull, då saman med eit heilrussisk mannskap. I sitt siste ishockey-VM enda Khomutov i 1995 for fyrste gong opp utan medalje.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]