Andrej Khramov

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andrej Khramov


Statsborgarskap Russland
Fødd 17. januar 1981 (43 år)
Basjkortostan
Idrett orientering

Andrej Mikhajlovitsj Khramov (fødd 17. januar 1981) er ein russisk tidlegare orienteringsløper frå Basjkortostan som vann verdscupen i orientering 2005. Han vart verdsmeister på normaldistansen i 2005, og kort-distansen både i Olomouc i 2008 og i Miskolc i 2009.

Frå 2005 til 2010 tok Khramov årleg eit VM-gull. Han vann den klassiske distansen i Japan 2005, dei to neste åra sigra han og lagkameratane Roman Efimov og Valentin Novikov i VM-stafetten. Sjølv åleine kom han på individuell bronseplass ved VM 2006 og på sølvplassen i 2007. I 2008 vart han verdsmeister på kort-distansen og europameister i stafett med Russland. I 2009 forsvarte han VM-tittelen på kort-distansen. Året etter vann Khramov i Trondheim sitt tredje VM-gull i stafett, på lag med Dmitrij Tsvetkov og Valentin Novikov. I 2015 la Russland og Khramov beslag på bronsemedaljane i VM-stafetten i Inverness. Eitt år seinare, i tsjekkiske Jeseník, syrgde Khramov, Natalia Vinogradova, Gleb Tikhonov og Galina Vinogradova for at det aller fyrste EM-gullet i øvinga gjekk til Russland.

Medaljar og plasseringar i verdsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • VM 2004: Sølvmedalje i stafett
  • VM 2005: Gullmedalje i klassisk løype
  • VM 2006: Bronse i klassisk løype, gull i stafett
  • VM 2007: Sølv i klassisk løype, gull stafett
  • VM 2008: Gull på kort-distansen, sølv i stafett
  • VM 2009: Gull på kort-distansen, sølv i stafett
  • VM 2010: Gullmedalje i stafett
  • VM 2012: Nr 5 på kort-distansen
  • VM 2015: Bronsemedalje i mix-stafett

Kjelder[endre | endre wikiteksten]