Andreslag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

I kjernefysisk strategi, er ein andreslagskapasitet til eit land den militære kapsiteten som kan overleva eit førsteslag frå motstandaren. Landet må ha trygg evne til å reagera mot eit kjernefysisk angrep med kraftig kjernefysisk gjengjelding mot åtakaren. (Kjernefysisk hemn) Å ha ein slik evne (og til å overtyda ein motstandar om slik kapasitet) er sett på som viktig i kjernefysisk avskrekking. Ellers kan motstandaren freista på å prøva å vinna ein kjernefysisk krig med eit massiv førsteslag mot eigne kjernefysiske styrkar.

Teori[endre | endre wikiteksten]

Det å ha andreslagsevne er det beste forsvaret mot at ein eventuell motstandar kan freista eit kjernefysisk forkjøpsangrep

Gjensidige andreslagsevnar vil vanlegvis føre til ei gjensidig øydelegging som forsvarstrategi, sjølv om den eine sida kan ha eit lågare nivå (minimal avskrekking respons).

Ein Trident II rakett skutt opp frå ein Royal Navy Vanguard klasse ballistisk missil ubåt

Det avgjerande målet i å oppretthalda andreslagsevner er å hindra førsteslag frå å ta ut dei kjernefysiske arsenala i eit land. På denne måten kan eit land gjennomføra ein kjernefysisk gjengjelding sjølv etter å absorbera eit kjernefysisk angrep. USA og andre land har diversifisert sitt kjernefysiske arsenal gjennom den kjernefysiske triaden for å betra sikre andreslagskapasitet.[1]

Ballistiske missilar frå ubåt (Submarine-launched ballistic missiles SLBM) er den tradisjonelle måten å gjera dette på, men det er ei svært dyr metode for å skapa ein andreslagskapasitet. Ein treng òg ei påliteleg metode for å identifisera kven åtakaren er, for dersom ein hemnar seg på feil nasjon, kan ein setje i gang utilsikta ragnarok.

Land med atomvåpen må gjera det deira primære føremål å overtyda sine potensielle motstandarar om at eit førsteslag er ikkje verd innsatsen mot eit land som har andreslagskapasitet. Slike land har mange ulike lanseringsmekanismar, førebudd på reaksjonar på ulike kjernefysiske angrepsscenaria. Eit døme er det russiske Perimetr-systemet.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Siracusa 2008, s. 69

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Siracusa, Joseph (2008). Nuclear weapons: a very short introduction (1. utg.). ISBN 9780199229543.