Andvare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Andvare

Andvare (norrønt Andvari) var namnet på ein dverg i norrøn gudelære. Han vakta ein stor gullskatt som mellom anna inneheldt ein stor ring, Andvarenaut eller Andvareringen. Ringen hadde den eigenskapen at den som eigde han vart rik.

Soga om Andvare[endre | endre wikiteksten]

Andvare levde i fossen Andvarefoss, og hadde ei evne til å skapa seg om til ein fisk. I fossen hadde dvergen skapnad av ei gjedde, og skaffa seg mat der. Då æsene Odin, Høne og Loke kom forbi fossen fekk Loke sjå ein oter. Loke tok livet av oteren. Seinare tok dei inn hjå Reidmar. Reidmar kjende att oteren som sin eigen son Oter (Otr). I vreide lét han dei to andre sønene sine, Regin og Fåvne, binda Odin og Høne. Han kravde at Loke skulle henta så mykje gull at han skulle kunne dekkja oterskinnet.

Loke tok då vegen til Ran som gav han eit fiskenett. Dette klarte han å fanga Andvare med. Loke tok gull frå Andvare og passa på å ta med den magiske ringen Andvarenaut. Andvare lyste då ei forbanning over ringen. Forbanninga gjorde at ringen vart til ulukke for den som eigde han. Eigarane fekk gjerne ein brå og valdeleg død. Då Reidmar fekk skatten av Loke førte dette til ein stor krangel mellom Reidmar og sønene som til slutt førte til at dei alle saman døydde.

Inspirasjon[endre | endre wikiteksten]

I Wagner sin ringsyklus Nibelung er Andvare kjend som Alberich. Den sleipe skapningen Gollum i verka til Tolkien kan òg minna om Andvare.