Andy Stanfield

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Andy Stanfield
Fødd 29. desember 1927
Washington
Død

15. juni 1985
Livingston

Yrke sprinter, friidrettsutøvar

Andrew William Stanfield, kjend som Andy Stanfield, (29. desember 192715. juni 1985) var ein USA-amerikansk friidrettsutøvar som vann to gullmedaljar under Sommar-OL 1952.

Stanfield forbetra i 1951 verdsrekorden på 200 meter til 20,6 sekundar. Under dei olympiske sommarleikane i Helsinki i 1952 vart han olympisk meister på spesialdistansen 200 meter, framom landsmennene Thane Baker og James Gathers. Stanfield vann ein ny gullmedalje då han han spurta USA inn til siger i 4 x 100 meter stafett; dei andre på laget var Finis Dean Smith, Harrison Dillard og Lindy Remigino.

Stanfield tangerte sin eigen verdsrekord både i 1952 og 1956. Siste gongen vart han nummer to i USA-meisterskapen, på same tid som Thane Baker. Under Sommar-OL 1956 i Melbourne kom Stanfield inn til sølv på 200 meter, med tida 20,7 sekundar vart han slått av landsmannen Bobby Morrow med eitt tidels sekund.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]