Anemi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Anemi (gresk αναιμία, anemía, «utan blod») er eit nivå på raude blodlekamar og/eller hemoglobin som er lågare enn normalt. Ein reknar òg som anemi om hemoglobinet har mindre evne til å frakte oksygen.

Dette gjer at lekamen får mindre oksygen enn han treng. Teikn på dette er bleik hud (usikkert) og slimhinner (sikkert), at ein er mykje trøytt, har mindre yteevne, dårlegare konsentrasjonsevne, hjarteklapp, hovudverk, blir svimmel og kan bli kortpusta ved tungt arbeid. I tillegg kan det kome symptom frå sjukdommen som ligg til grunn for anemien. Anemi er aldri ein sjølvstendig diagnose, men alltid symptom på ein annan tilstand.

Typar anemiar[endre | endre wikiteksten]

Patofysiologisk kan me dela anemiane inn i dei som kjem av auka forbruk av raude blodlekamar (og nokre andre årsaker) og dei som kjem av endra produksjon av raude blodlekamar i beinmergen. Denne lista er ikkje fullstendig.

  • Anemi på grunn av auka forbruk av blodlekamar (regenerativ anemi)
  • Korpuskulær (årsak i blodlekamen)
  • Ekstrakorpuskulære (årsak utanfor blodlekamen)

Diagnostikk av anemi[endre | endre wikiteksten]

(dette er ei ufullstendig liste)

  • Basisprøvar: Utstryk, Hemoglobin, tal på raude blodlekamar, hematokritt, tal på retikulocyttar, tal på kvite blodkroppar m/ differesialtelling, tal på blodplatar, ferritin
  • Hemolyse: Haptoglobin, LD, bilirubin
  • Mangeltilstandar: Jernstatus (s-jern, TIBC, eventuelt jarnbelastning), Vitamin B12, folat i serum/fullblod, malabsorbsjonsutredning
  • Eventuelt beinmargsundersøking (leukemi, beinmargssvikt)
  • Eventuelt infeksjonsutreidning.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]