Milt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Milten i mennesket
Plasseringa av milten i høve til lunger, nyrer og ribbein.

Milten (av norrønt milti, latin lien, gresk splen) er eit innvolsorgan som finst i bukhola hjå virveldyr. Milten er ein brunleg kjertel som er del av kretsløpssystemet. Han filtrerer ut gamle raude blodlekamar og anna avfall, som bakteriar og framandlekamar. Han dannar kvite blodelekamar og er magasin for raude blodlekamar. Ved høve der kroppen treng meir blod, til dømes til ei anstrenging som springing, trekk milten seg saman og slepp ut dei lagra blodcellene slik at dyret får auka oksygenopptak. I foster dannar milten både raude og kvite blodceller.

Milten er ikkje strengt nødvendig for liv og til nyleg var det ukjend kva for funksjon han hadde. No er det kjend at manglande milt disponerer for særskilde infeksjonar. Organet smulmar opp ved nokre blodsjukdommar, som leukemi, der danninga av kvite blodceller aukar, og ved nokre infeksjonssjukdommar, som malaria, mononukleose og tyfoidfeber. Miltruptur (brot på milten) kan skje ved ulukker, operasjoner og ved visse infeksjonar. Dette kan føra til hurtig blodtap, og dersom skaden ikkje kan rettast må ein fjerna milten ved ein splenektomi.

Milten til menneske er raudbrun, bønneforma, 10–13 cm lang, 6–7 cm brei og har ein tjukkleik på 3–4 cm. Konsistensen er blaut og skjør.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «milt» (12.01.2012) i Store norske leksikon.
  • «milt» i Store medisinske leksikon

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Milt