Anfin Øen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Anfin Øen
Fødd 2. august 1868
Hyllestad
Død

14. februar 1928

Yrke politikar, bonde

Anfin Øen (2. august 186814. februar 1928) var ein norsk lensmann og politikar frå Hyllestad i Sogn. Han representerte BondepartietStortinget i tida 1922-30.

Øen var son til ein gardbrukar. Han gjekk åra 1887-89 på landbruksskulen for Nordre Bergenhus. Deretter var han eitt år kontorist på amtskontoret i Nordre Bergenhus, fullmektig same staden i tida frå 1890 til -97. Sidan var han lensmann i Vik i Sogn frå 1897 til han døydde. Jamsides var han frå 1899 styreleiar i Vik Sparebank, også det ei stilling han hadde til 1928. Øen var elles styreformann i Gaula Kraftselskap, i fylkeslandbruksselskapet og 1911-18 i Sogns kommunikasjonskomite. I 1919 vart han utnemnd til formann i den statlege Jordkommisjonen av 1919.

Frå 1900 til 1925 var Øen med i heradsstyret for Vik. Han var varamann til Stortinget frå einmannskrinsen Ytre Sogn i periodane 1906-09 og 1913-15. Med omlegginga til fylkesvalkrinsar fekk han seg stortingsplass ved vala i 1921, -24 og -27. Han var då Bondepartiet sin fyrstekandidat i Sogn og Fjordane, og sat som medlem i Konstitusjonskomiteen i perioden 1922-24. Sidan var han med i Utanriks- og konstitusjonskomiteen frå 1925. I januar 1928 vart han vald til formann i komiteen, men døydde få veker etter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]