Angelo Poliziano

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Angelo Poliziano

Statsborgarskap Republikken Siena, Den florentinske republikk
Fødd 14. juli 1454
Montepulciano
Død

29. september 1494 (40 år)
Firenze

Yrke lyrikar, skodespelforfattar, universitetslærar, filolog, skribent
Angelo Poliziano på Commons

Angelo Poliziano, også kjend som Politian, eigentleg Angelo Ambrogini (14. juli 145429. september 1494) var ein italiensk humanist og diktar. Poliziano var venn og protegé av Lorenzo de' Medici, og ein at dei fremste klassisk lærde i renessansen. Han beherska gresk og latin like godt som det italienske morsmålet sitt, og var ein leiande diktar, filosof og filolog. Blant dei tidlege verkane hans er ei latinsk omsetjing av Iliaden (ferdig i 1475). Det diktariske meisterstykket hans er verket Stanze cominciate per la giostra del Magnifico Giuliano de' Medici (ferdig i 1478).

Liv og virke[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Angelo Poliziano heitte eigentleg Ambrogini, men kalla seg Poliziano etter fødebyen sin Montepulciano (latin Mons Politianus). I Firenze fekk han ein introduksjon og undervisning i klassisk lærdom av same lærer som Lorenzo de' Medici, som blei vernaren hans.

Mellom det trettande og nittande året sitt skreiv Poliziano brev på latin og epigramgresk, omsette fire bøker av Iliaden til latinsk vers og gav ut ei utgåve av Catullus. Då han knapt var femten dikta han Stanze per la giostra di Giuliano de' Medici og då han var atten skreiv han dramaet Orfeo. Han blei sett til lærar for sønene til Lorenzo. I 1480 blei han utnemnd til professor i antikk litteratur i Firenze, og blei seinare kannik ved katedralen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]